Dei er uroa fordi borna må gå på den sterkt trafikkerte vegen for å kome til busshaldeplassen. Hildegunn Risnes Gjelsvik vart redd då ho høyrde om dødsulukka i går. Då omkom ein 70 år gammal mann. Han vart påkøyrd av ein personbil då han skulle krysse vegen for å nå ein buss.

Foto: Steinar Lote, NRK
- Mange nestenulukker
- Vi vart sjokkerte og lamma, fordi det er slikt vi har frykta skal skje. Vi som bur langs denne strekninga ser veldig mange nestenulukker, gjerne fleire i veka, seier ho.
Køyrer ungane
Risnes Gjelsvik har born som tek skulebuss frå denne staden, og er redd for kva som kan skje. - Det er heilt forferdeleg, vi er livredde, ungane våre får nesten ikkje lov å gå denne vegen, vi køyrer dei til og frå skulebussen kvar dag.

Lange køar etter ulukka onsdag. Foto: Steinar Lote, NRK
Jobba i åtte år utan resultat
Foreldra har jobba lenge for å få gjort noko med tryggleiken på staden. - I 1997 starta vi arbeidet med å få trygga vegen. Vi har snakka med kommunen, med vegvesenet, fylkeskommunen og med Trygg Trafikk, men det har ikkje skjedd noko. Mellom anna var det ein underskriftaksjon med opp mot 300 underskrifter med krav om gang- og sykkelveg langs E39 på Eikås. Vegen kom inn i dei kommunale planane, men hamna svært langt nede på prioriteringslista.
- Fartsgrensa må ned
Det er ei lang og ganske oversikteleg strekning, men det er ein bakketopp, og det er ikkje alltid like lett å sjå når det kjem folk langs vegen. Det er ofte forbikøyringar på denne strekninga, og det er då farlege situasjonar kan oppstå. Vi må få nedsett fartsgrense, og det må kome opp lys, slik at det er lettare å sjå fotgjengarar. Lys har vi ikkje fått fordi det er 80-sone, seier Hildegunn Risnes Gjelsvik.