Hopp til innhold

Krev oppreising for brannsikting

Mannen frå Flora som vart sikta for å ha starta ein brann som tok to menneskeliv i Florø i desember i fjor, krev 200.000 kroner i oppreising.

Arkivfoto
Foto: NRK

Han vart sikta kort tid etter brannen, men branntekniske undersøkingar avdekte at mannen var uskuldig.

Han miste både sonen og kona si i brannen.

Advokat Walter Høivik, som fremjar kravet på vegner av mannen, seier til avisa Firda at summen er komen fram ut frå den påkjenninga som siktinga og den store medieomtalen var for han.