Hopp til innhold

Krev gruvevedtaket granska

Fire av representantane i Naustdal kommunestyre krev lovlegkontroll av vedtaket der politikarane sa ja til dei omstridde gruveplanane i Engebøfjellet.

Ole Erik Thingnes

VIL HA GJENNOMGANG: Ole Erik Thingnes meiner informasjon vart halde tilbake då kommunestyret handsama kruvesaka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Som kommunestyrerepresentantar har vi eit sett med demokratiske spelereglar. Eg føler ikkje at vi har følgt dei. Vi meiner informasjon vart halde tilbake for enkelte av representantane då kommunestyret behandla saka om gruvedrift, seier Ole Erik Thingnes (SV).

Tverrpolitisk gruppe

I starten av kommunestyremøtet i Naustdal torsdag kveld tok Thingnes ordet. På vegner av fire av dei 21 representantane bad han om at det blir gjennomført lovlegkontroll av naustdalspolitikarane sitt gruve-ja.

Dei fire representantane som krev lovlegkontroll er dei same som stemde imot gruveprosjektet: Ovannemnde Thingnes, Kjell O. Klopstad (H), Magnar Falkenstein (Raudt) og Terje Horne (KrF).

11. mai sa dei folkevalde ja til å la det børsnoterte selskapet Nordic Mining ASA utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet ved Vevring. Gruva vil dei første åra vere eit ope dagbrot, og overskotsmasse vil bli dumpa i Førdefjorden. særleg det siste er omstridd, då 4 km av fjordbotnen vil bli lagt aude.

var endra

Bakgrunnen for kravet om lovlegkontroll er at det på tampen av kommunestyremøtet 11. mai kom fram at det i siste augneblink var forhandla fram ein betre avtale mellom kommunen og gruveselskapet.

I utgangspunktet låg det på bordet ein avtale som sa at Nordic Mining dei 10 første åra med gruvedrift forplikta seg til å betale 30 millionar kroner til verftskommunen Naustdal og nabokommunen Askvoll. Midlane skulle gå til kultur og næring. Fleire representantar meinte avtalen var dårleg og at saka burde utsetjast mellom anna for å freiste å få til ein betre avtale.

Etter å ha banka gjennom tre av fire saker knytt til gruveprosjektet, reguleringsplan, utbyggingsavtale og utsleppsløyve, var det at fleire av representantane fekk hakeslepp. Under handsaminga av avtale om kultur- og næringspolitiske målsetjingar kom det nemleg fram at Nordic Mining i nye forhandlingar hadde gått med på å også bidra med midlar utover ein 10-årsperiode, dersom gruva blir ein suksess.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Naustdal kommunestyre 1. juni 2011

NY RUNDE? Fylkesmannen må sjå på Naustdal sitt gruvevedtak. Det vart klart på kommunestyremøtet torsdag kveld.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det viste seg altså at ordføraren hadde framforhandla ein ny avtale på vegner av nokre av partia, eller rettare sagt nokre av gruppeleiarane. Då burde vi sjølvsagt vore så vakne at vi stoppa saka der og då. Men det var seint på kvelden. Vi såg i etterkant at dette kan umogleg vere lovleg, seier Thingnes.

Ikkje alle representantane var klar over dette, og fleire meinte at dette viste at saka burde vore utsett, og at ein kunne ha forhandla fram ein endå betre avtale. Men då var saka avgjort.

– Kommunestyret vart tekne på senga

– Heile kommunestyret vart bokstavleg tala tekne på senga i den siste saka, Og det burde våre gjort kjent når vi skulle fatte vedtak i den første saka. Der kom det nye opplysningar på bordet som eg meiner velta heile saka, seier SV-aren.

Under kommunestyremøtet i Naustdal torsdag kveld utrykte også Sp-representant Viggo Leikanger at ein lovlegkontroll kanskje er på sin plass, sjølv om han ikkje har signert kravet. Leikanger var blant dei som lenge kjempa for at saka måtte utsetjast, men som til slutt gjekk for å seie ja til gruveplanane, under sterk tvil.

– Premissane for debatten vart undergravd når enkelte av representantane, til dømes i Høgre der gruppeleiaren visste – men ikkje medlemmene, at det var forhandla fram ein ny avtale. Dette viste jo at Nordic Mining på kort varsel hadde meir å gi, og at vi burde tatt oss tid til å forhandle meir, seier Leikanger.

– Kva trur du kjem ut av ein lovlegkontroll?

– Det vil tida vise.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ja til gruvedrift i Naustdal

GRUVEMØTET: Framfor eit stort publikum sa 17 mot fire representantar 11. mai ja til Nordic Mining sine gruveplanar. Biletet er frå avrøystinga under møtet som for høvet var flytta til forsamlingshuset Fosshalla.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

No blir det opp til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane å finne ut av om alt gjekk rett føre seg då politikarane i Naustdal sa ja til gruvedrift. Thingnes kjenner seg trygg på at dei fire representantane som har klaga på vedtaket, har ei sterk sak.

–Slik som eg les saka, og dei eg har snakka med som har papir på at dei er smartare enn meg, meiner at dette kan ikkje ha vore gjort etter boka.

Ordførar og varaordførar tause

Varaordførar Harald Kvame frå Høgre, som visste om tillegget i avtalen.

– Eg vil ikkje spekulere i utfallet av lovlegkontrollen. Eg avventar til eg ser resultatet, seier Høgre sin varaordførar Harald Kvame.

– Men har det skjedd noko kritikkverdig?

– Nei, eg har ikkje vurdert det slik.

Også Ap-ordførar Håkon Myrvang er ordknapp etter kravet om lovlegkontroll.

– Eg avventar å kommentere saka, seier Myrvang til NRK.