Hopp til innhold

Krev fengsel på vilkår i katterettssak

Påtalemakta krev seks månader fengsel for kvinna som denne veka har stått tiltalt for misleghald av fleire kattar. Heime hjå kvinna i Høyanger fann Dyrebeskyttelsen i fjor fleire titals kattar, mange av desse kattungar, der fleire var sjuke. Dei hadde heller ikkje tilstrekkeleg tilsyn, meiner politiet. Påtalemakta meiner og at kvinna i framtida ikkje skal få ha meir enn tre kattar, og at desse må vere registrerte og kastrerte. Kvinna har nekta straffskuld og meiner kattane vart godt ivaretekne.

katt med augeplager
Foto: Dyrebeskyttelsen