Hopp til innhold

Fann fleire titals sjuke kattar: – Var heilt forskrekkande

I fjor sommar aksjonerte Dyrebeskyttelsen mot bustaden til kvinna i 50-åra og fann fleire titals sjuke kattar. Kvinna meiner kattane vart godt tekne i vare. Måndag startar rettssaka.

katt med augeplager

TILTALT FOR MANGLANDE STELL: Fleire av kattane i huset var sjuke og sleit med augeplager.

Foto: Dyrebeskyttelsen

– Det lukta heilt grufullt. Vi måtte sjå kvar vi trakka, det var avføring og tiss over alt. Det var heilt forskrekkande, seier Martine Espe.

– Mykje som ikkje stemde

Den tidlegare styremedlemen i Dyrebeskyttelsen Noreg avdeling Sogn og Fjordane gløymer seint synet som møtte ho i bustadhuset i Høyanger sommaren 2021.

Så godt som alle fleire titals kattar, mange av desse kattungar, var sjuke.

Ein nabo som skulle byte sikring varsla Dyrebeskyttelsen. Då hadde ikkje katteeigaren i 50-åra vore i huset på nokre dagar.

– Vi såg med det same at det var mykje som ikkje stemde. Nesten alle var tynne og hadde augebetennelse, det var gris og rot og kattane hadde verken mat eller vatn, seier Espe.

Kvinne tiltalt for dårleg kattehald i Høyanger.

ALEINE: Kattane skal i periodar ha vore overlatne til seg sjølve.

Foto: Dyrebeskyttelsen

Nektar straffskuld

Kvinna er no tiltala for å ikkje hatt godt nok tilsyn og stell av kattane. Dei fekk ikkje tilstrekkeleg mat og drikke, eller tilsyn av dyrlege. Kattane vart forvilla og overlatne til seg sjølve.

Ved dette ble dyrene utsatt for sult, stress, frykt, smerte og fare.

Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembeter

I tillegg til saka i Høyanger, må kvinna svare for grovt misleghald av ti vaksne og 25 kattungar på ei adresse i Hordaland.

Ifølgje tiltalen tok ho heller ikkje her sjuke kattar til dyrlege, men medisinerte dei sjølve med saltvatn og matolje.

Ved dette ble kattene utsatt for smerte, sterk kløe, ubehag og/eller fare, inkludert fare for varig øyeskade.

Hordaland, Sogn og Fjordane Statsadvokatembeter

Etter få månader i Høyanger, flytta kvinna tilbake til Hordaland. Måndag startar rettssaka. Sogn og Fjordane har sett av tre dagar til rettssaka. Kvinna nektar straffskuld.

– Ho meiner at kattane har vore godt varetekne hos henne, seier forsvarar Lene Knapstad.

– Når ein ser kva som kjem fram i tiltalen, korleis kan ho meine det?

– Det vil ho forklare seg om for retten.

Aldri sett liknande

Anne Jo Bjordal, styremedlem i Dyrebeskyttelsen, sa i fjor haust til TV 2 at ho aldri før har sett ei liknande sak. Det har heller ikkje Espe, som har vore i organisasjonen sidan 2014.

Kvinne tiltalt for dårleg kattehald i Høyanger og Hordaland.

FLEIRE KATTAR: – Vi opna døra, men måtte lukke den att. Kattane kom stormande ned trappa, så vi måtte snike oss inn ein etter ein for å ikkje sleppe dei ut, seier Martine Espe, tidlegare styremedlem i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

Foto: Dyrebeskyttelsen

Dyrebeskyttelsen brukte naudretten då dei fjor gjekk inn i bustaden. Dei varsla politiet og bad om løyve til å gå inn att for å gi kattane mat og drikke.

Det fekk dei lov til, saman med ei oppmoding om å melde saka til Mattilsynet og politiet.

– Vi måtte mase ein del på Mattilsynet, og ringde over fleire dagar for å forklare alvoret. Dei fekk kontakt med eigar av kattane, og var på tilsyn etter nokre dagar, fortel Espe.

Martine Espe.

KRITISK: Tidlegare styremedlem i Dyrebeskyttelsen, Martine Espe.

Foto: privat

Kritiserer Mattilsynet

Ho er likevel ikkje imponert over måten Mattilsynet handterte saka på. Katteeigaren fekk behalde kattane, men måtte gjere nokre tiltak.

Sjuk katt

FEKK HJELPT NOKRE: Dyrebeskyttelsen tok hand om nokre av kattane.

Foto: Dyrebeskyttelsen

– Når ein har så mange kattar, og det er så ureint, så er det eit problem. Kattane hadde augebetennelse, øyremidd, innvolsorm, og med så mange kattar så blir det fleirfaldige tusen kroner i veterinærutgifter om alle skal få hjelp, seier Espe.

– Det er slikt kvarmansen ikkje har råd til, held ho fram og legg til:

– Dei burde gjort tiltak med det same: tatt ut kattane og heller gjort avtale om å kastrere og at ho kunne fått behalde ein eller to kattar.

NRK har gjort Mattilsynet kjend med kritikken frå Dyrebeskyttelsen. Av omsyn til at saka skal opp for retten, ynskjer dei ikkje å kommentere saka på noverande tidspunkt.

Fekk hjelpt nokre av kattane

Dyrebeskyttelsen var i kontakt med kvinna for å ta over og syte for at kattane fekk veterinærhjelp. Dette vart avvist av katteeigaren.

Espe fortel at dei likevel fekk hand om ein del kattar, som fekk hjelp.

– Kvinna seier til TV 2 at det var vanskeleg å få dialog med Dyrebeskyttelsen?

– I mange slike saker vel vi å tale gjennom Mattilsynet, som har makt til å gjere noko. Vi kan berre seie kva vi meiner og rådføre. Vi har ikkje mynde til å bestemme noko.