– Det er jernbanepolitikk i bakvendtland. No har me ein sommar der nordmenn stort sett er nøydde til å feriera i Noreg. Me skal på Noregsferie alle mann. Då er det jo perfekt timing for å oppleva landet vårt på miljøvenleg vis og ta nattoget for eksempel til Bergen.
Det seier partileiar Bjørnar Moxnes i Raudt.
– Då må jo toga gå. Billettane må leggast ut for sal no, ikkje 1. juli. Folk planlegg jo ferien sin no, så dette hastar.
Moxnes krev at regjeringa straks gir ekstra pengar for å få nattoga på skjener snarast råd.
GÅR IKKJE: Vy har ikkje planar om å køyre nattoget mellom Bergen og Oslo i sommar.
Foto: Asle Hella / NRKFor få passasjerar
Begge selskapa seier dei har for få passasjerar til at dei kan køyra nattog i tillegg. Passasjertalet fall om lag 85 % på grunn av koronaepidemien.
På Nordlandsbanen blir det derimot nattog heile veka, på Dovrebanen fredag og søndag.
Desse strekningane vert 8. juni overtatt av det svenske selskapet SJ.
– Vy er hardt ramma av koronasituasjonen og eit dramatisk fall i passasjertalet, men samarbeider med Jernbanedirektoratet for å halda oppe eit godt nok tilbod, forklarer kommunikasjonssjef Nina Hauge Schage.
Ho legg til at natt-avgangane er særleg viktige på Nordlandsbanen for å ha togmateriell på plass til dagavgangane.
– Men også nattoget på Bergensbanen er mykje brukt, særleg når dagtoga er fulle, seier Schage.
PASSASJERSVIKT: Kommunikasjonssjef Nina Hauge Schage seier Vy gjerne vil sette opp att nattoga når passasjertalet kan forsvare det.
Foto: NSBKorona-milliardar ikkje nok
Stortinget har hittil løyvd over 1,5 milliardar kroner i koronatiltak for å halda oppe togdrifta i år, men det har ikkje hindra at nattoga blir ståande.
Moxnes meiner dette blir heilt feil ein sommar der «alle» nordmenn skal feriera i heimlandet.
– Viss det til dømes trengst midlar for å få fleire reinhaldarar på toga, er det små summar som regjeringa og Stortinget må ordna raskt for å sikra at nattoga går.
Vy avviser at problemet er mangel på vaskepersonell.
– Dette handlar om at me nesten ikkje har passasjerar og derfor ikkje kan forsvara å køyra fleire tog. Når etterspurnaden tar seg opp, vil me svært gjerne starta nattoga att, seier Schage.
KUTTAR: Vy har innstilt alle nattog på Bergensbanen som følge av for få passasjerar.
Foto: Jon RoksethGir ingen lovnader
Helge Orten, Høgre sin leiar i transportkomiteen på Stortinget, lovar ikkje ekstra midlar til nattoga, men håpar dei skal gå denne koronasommaren.
– Eg registrerer at SJ sikrar nattoga delvis, så eg oppmodar dei andre selskapa vurdera situasjonen fortløpande for å sjå om det er mogleg å køyra nattoga.
Orten får følge av nestleiar i MDG, Arild Hermstad, som rasar mot kutt i nattogtilbodet.
– Dette er heilt hårreisande. Når me skal opna opp att samfunnet er det å etablera miljøvennlege vanar viktig. Her går ein glipp av tidenes sjanse til å marknadsføra eit fantastisk tilbod til ferierande nordmenn, meiner han.