Hopp til innhold

Målungdommen stiller nynorsk-krav til kommunane

Dei er lei av at kommunar ikkje klarer å finne gode nok nynorsklærarar. No krev målungdomen at kommunane må skjerpe seg.

Fredrik Hope

VIKTIG: Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, vil også ha meir fokus på nynorskopplæring i lærarutdanninga.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Norsk Målungdom vil ha ei synleggjering av at nynorskkompetanse trengst i Skule-Noreg. Eit av tiltaka er endring av stillingsannonsar når ein tilset nye lærarar.

– I mange kommunar i dag er det ikkje ein standard at ein nemner at ein treng lærarar med nynorskkompetanse, seier Fredrik Hope som er leiar i Norsk Målungdom.

Han og Norsk Målungdom har nyleg sendt eit brev til 140 norske kommunar. Beskjeden er klar – når ein tilset nye lærarar i skulen må det stå i stillingsannonsen at læraren må kunne nynorsk godt.

– Ei lita setning i kommunane si stillingsutlysing kan gjera ein stor forskjell for nynorsken og nynorskelevane, seier Hope.

Rekordlågt

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i 2017 berre var i overkant av 12 prosent av norske elevar som hadde nynorsk som hovudmål. Eit historisk lågt tal. Størst del var i Sogn og Fjordane der 98 prosent av elevane hadde nynorsk som hovudmål.

Målungdommen vil ha strengare krav til kommunane, men også til lærarutdanninga.

– Veldig mange lærarar kjem frå område der dei ikkje har lært nynorsk på eit slikt nivå at dei kan undervise i det. Vi treff ofte studentar og lærarar som seier dei skulle ha lært meir nynorsk, seier Hope.

– Kva konsekvens kan det få for nynorskelevar at lærarane ikkje kan det godt nok?

– Viss ein har lærarar på nynorskskular som ikkje kan nynorsk, då lærer ikkje elevane det godt nok. Ein ser i dag at elevar som har nynorsk som hovudmål ikkje er gode nok i det. Nynorskelevar kan nynorsk og bokmål like godt, men er litt dårlegare i hovudmålet sitt enn dei som har bokmål, svarar han.

Laber respons

Sjølv om det ikkje er mange dagane sidan dei sende ut brev til 141 norske kommunar så har ikkje tilbakemeldingane vore dei heilt store.

– Vi har ikkje fått ein overveldande respons. Nokon svart at dei har ei setning om nynorskkompetanse i dag, men det er ikkje mange som har svart, seier Hope.

Håpet hans er at fleire kommunar no tar opp saka og spør etter lærarar med nynorskkompetanse.