Hopp til innhold

Krev at det blir skote fleire jervar

Leiaren i rovviltnemnda krev ekstraordinær jervejakt. Det har blitt gjort fleire observasjonar av rovdyret dei siste dagane.

Jerv skoten i Gloppen

EKSTRA UTTAK: Denne jerven blei avliva i Gloppen sist helg.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Til no er det felt fire jervar i region 1, tre av dei i Sogn og Fjordane. Ingen av dei vart tatt i den ordinære lisensjakta.

– Vi krev at det vert ekstraordinær jakt på jerv, fordi det framleis vert gjort mange observasjonar, seier Aleksander Øren Heen som er leiar for rovviltnemnda i region 1.

Den siste veka er det blir blitt gjort tre observasjonar av jerv i Årdal og Luster og ein observasjon i Røldal mellom Hordaland og Rogaland.

Øren Heen meiner det hastar

– I region 1 skal det ikkje vere som har skadepotensial, og då er det viktig for å få tatt ut desse dyra før dei beitesesongen startar, seier Øren Heen.

Sundag vart det skote ein jerv i Strandaskaret i Gloppen. Det var ei tispe utan ungar.

– Vi ser det at dersom ein ikkje får stogga dyra i det dei kryssar fylkesgrensa frå Oppland så er dei utfordring for både Hordaland og Rogaland, og dei spreier seg også lenger inn i Sogn og Fjordane, seier Øren Heen.

Aleksander Øren Heen

KREV HANDLING: Leiar for rovviltnemnda, Aleksander Øren Heen, krev ekstraordinær jervejakt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Øren Heen meiner det hastar med å få ny løyve, for snart forsvinn snøen i fjellet og dermed blir det svært vanskeleg å spore jerv som er på vandring.

– Difor hastar det med at direktoratet gir SNO i oppdrag med sette i gang. Det er skote fire jervar, men vi meiner det er mogleg å skyte fleire. Det må ein gjere medan det er vêr og føreforhold til det, seier Øren Heen.

Kan ikkje love uttak

På denne tida av året er det Miljødirektoratet som gjer vurdering ved uttak av jerv. Dei kan førebels ikkje love at region 1 får løyve til å felle fleire.

– SNO er ute i felt og gir oss heile tida informasjon om til dels spor. Ut frå dette gjer vi ei fortløpande vurdering av behovet for ekstraordinært uttak, seier Susanne Hansen, som er seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.

– Kvifor har de ikkje ståande løyve ved observasjon av jerv?

– Region 1 grensar til Oppland i region 3, der ein skal ha jerv. Det vil medføre at ein innan region 1 kan vente at jerv beveger seg over grensene, seier Hansen.