Hopp til innhold

I dag opnar Gudvangatunnelen igjen

Klokka 07 torsdag opnar Gudvangatunnelen for fri ferdsel, etter å ha vore stengd i ein månad etter den dramatiske brannen.

Arbeid i Gudvangatunnelen

OPNAR: Arbeidet i Gudvangatunnelen er ferdig og torsdag morgon opnar den for fri ferdsel.

Foto: Arne Veum

Tunnelen har vore stengd på grunn av omfattande reparasjonsarbeid sidan eit polsk vogntog byrja å brenne i den 11 kilometer lange tunnelen.

I alt vart over 70 personar sende til sjukehus. Nokre med alvorlege skader.

LES OGSÅ: Kolonnekøyringa har gått greitt

– Vi ventar å kunne opne for normal trafikk, men frå klokka 21 i kveld blir det på nytt kolonne kontinuerleg for alle køyretøy. Den varer til klokka 07 fredag, men trafikken kan bli dirigert i periodar utover dagen og natta for å gjere ferdig noko arbeid, opplyser Statens vegvesen.

– Nok ei påminning

Nils Magne Slinde
Foto: NRK

Mellom 40 og 50 millionar kroner er brukt på opprydding og arbeid i tunnelen etter brannen. Det er trekt 22 kilometer ny kabel og montert 2.000 koplingar til lysarmatur. I tillegg er også veggane måla kvite for å gje reisande på E16 ei betre oppleving.

I går vart tryggleiksutstyret testa.

– Dette er igjen ei påminning om kor utruleg sårbart samfunnet vårt er i høve til brot i kommunikasjonslinjer. Det er store samfunnsinteresse som står på spel når vegnettet blir stengd i lengre periodar, som vi har eksempel på her, seier regiondirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.