Hopp til innhold

Krefter på Stortinget ber regjeringa gripe inn i akebakke-strid

Folkevalde ber regjeringa ta affære i betent sak der omsynet til ein akebakke og eit bustadhus står mot kvarandre.

Akebakken på innmarka til Birte Skjold Hansen

STRIDENS KJERNE: Ein akebakke av nasjonal interesse eller innmarka til eit småbruk? Barns rett til leikeområde eller kommunens lokale sjølvstyre?

Foto: Statsforvaltaren i Vestland

Biletet i toppen, som ein representant for Statsforvaltaren tok ein vinterdag i fjor, viser kjernen i ein strid om lokalt sjølvstyre, privat eigedomsrett, nasjonale interesser og barns rett til leikeområde.

For Birte Skjold Hansen viser fotografiet ein privat barnebursdagsfeiring med aking og leik på innmarka til småbruket der ho vaks opp.

For Statsforvaltaren peiker fotografiet mot «nasjonale interesser» knytt til rekreasjon, «grøne verdiar» og barneleik.

Med bilete som argument har Statsforvaltaren difor oppheva Skjold Hansen sitt løyve til å byggje hus på den same bøen.

Kommunen sa ja til husbygginga i fjor.

– Eg har lyst til at barna mine skal få lov å ha den nærleiken til dyra, foreldra mine og denne garden som eg sjølv har hatt, seier Skjold Hansen, som ikkje har gjeve opp kampen.

Det er ein slags kjærleik til staden. Innsatsen, draumane og håpa me har hatt om å få lov å bu her.

Birte Skjold Hansen
Birte Skjold Hansen

– Det kjennest som eit overgrep at dei kom inn på vår private eigedom og tok biletet av meg og borna mine i ei sak mot oss. I tillegg let dei vera å fotografera at heile innmarka vår er inngjerda, seier Birte Skjold Hansen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Staten vil ikkje omgjera vedtaket

Striden om huset, bøen og akebakken har vekt nasjonal merksemd, og i ein ny omdreiing har saka gått heile vegen til departementet.

Der er svaret at dei ikkje vil involvere seg.

I eit skriftleg svar skriv kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) at det etter reglane i forvaltningslova ikkje er grunnlag for departementet til å gjera om vedtaket frå statsforvaltaren.

Han legg til at vedtaket til Statsforvaltaren ikkje er bestemmande for framtidig bruk av arealet.

«Kommunen har moglegheit til laga ein reguleringsplan som legg til rette for bygging av bustad. Eit anna alternativ kommunen har, er å endre kommuneplanen slik at bustaden det er søkt om ikkje er omfatta kravet om reguleringsplan,» skriv kommunalministeren.

Sigbjørn Gjelsvik

I eit skriftleg svar skriv kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) at det etter reglane i forvaltningslova ikkje er grunnlag for departementet til å omgjera vedtaket frå statsforvaltaren.

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRK

– Statsforvaltaren burde ikkje ha blanda seg inn

– Eg klarer ikkje å sjå at det her er så store allmenne interesser at det skulle vera grunnlag for å overprøva lokalt sjølvstyre i denne saka, seier Nils T. Bjørke, som er stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Han legg til:

– Så eg kunne ønskt at departementet ville sjå på det.

Stortingsrepresentant for Frp, Helge André Njåstad, har også signalisert at kommunalministeren bør gripe inn.

Bjørke meiner det er viktig å sikra allment tilgjengeleg areal, men at Statsforvaltaren skulle ha halde seg unna ei så lita byggesak som bustadhuset på denne innmarka.

– Her kan ein med litt smidigheit kombinera begge interessene. Det har kommunen vurdert, og derfor gjeve dispensasjon til husbygginga. Då burde ikkje Statsforvaltaren ha blanda seg inn.

Eg trur og veit at ministeren er oppteken av at det lokale sjølvstyret skal gjelda i større grad enn det gjer i dag.

Nils T. Bjørke
Nils Bjørke

– Dette er eit lite småbruk, og så skal dei ikkje få lov til å setta opp eit hus til eige bruk? Dette bør absolutt vera innanfor sjølvråderetten til kommunen, seier Nils T. Bjørke i Senterpartiet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Taus statsforvaltar frå Senterpartiet

Ekstra pikant er det at tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete i september overtok som statsforvaltar i Vestland, kort tid etter at forgjengaren hennar klaga på byggesaka.

Etter eige utsegn er Navarsete generelt «tilhengjar av at kommunane skal ha mest mogleg handlefridom», men ho vil ikkje uttale seg til NRK om denne konkrete saka.

Først ville ho ikkje kommentera før settestatsforvaltaren i Rogaland hadde behandla saka ferdig.

«Eg finn det ikkje rett å uttale meg om saka no», skreiv ho til NRK.

Etter at kollegaen i Rogaland gav Statsforvaltaren i Vestland medhald, viser Navarsete likevel tilbake dit.

«For min del handlar det om ei sak som var ferdig handsama frå embetet til Vestland i god tid før eg starta i jobben som statsforvaltar. Då vert det uryddig å uttale seg,» skriv ho.