– Eg er redd dei har tatt livet av det meste som var av fisk i elva, seier fagkonsulent Eirik Straume Normann i Uni Research Miljø LFI til BT.
Han arbeider med villaks til dagleg. Laurdag føremiddag oppdaga han tilfeldig at vatnet var heilt kvitt ved Myster kraftverk i elva Ekso. Den renn gjennom Eksingedalen i Vaksdal kommune i Hordaland.
– Det susa som frå ei brusflaske som blir opna. Heile elva var kvit av luftbobler, heilt ned til sjøen.
- Sjå elveboblene her:
Han fann i løpet av kort tid sju daude fiskar på 5–15 cm med synlege luftbobler i skinnet på finnane. Det er eit klart teikn på gassovermetting, altså for mykje luft i vatnet.
Det er livsfarleg for fisken. Den får ein tilstand som svarar til dykkarsjuke hjå menneske – gassblæresjuke som gir tilstopping i blodårene.
Kritiserer styremaktene og industrien
– Dette er ein varsla miljøkatastrofe. Heilt sidan 1980-talet har forskarar åtvara om faren for gassovermetting frå enkelte typar vasskraftverk, seier forskar Ulrich Pulg ved Uni Research Miljø LFI til NRK.
Han forklarer at når elva blir «blakka», altså kvit, tyder det på svært mykje luft i vatnet.
Han er kritisk til at denne moglege konsekvensen av vasskraftproduksjon ikkje har blitt tatt nok på alvor.
– Risikoen for at noko slikt kan skje har me varsla om fleire gonger før, seinast på fiskesymposiet på Lillehammer i april. Me treng omfattande overvaking av om kraftverk fører til gassovermetting i vassdrag. Men både styremaktene og industrien har – med nokre unntak – vore tilbakehaldne med å følga det opp, seier Ulrich Pulg.
BKK beklagar
Kraftselskapet stadfestar at ting gjekk gale denne helga.
Årsaka viste seg å vera at ei rist hadde gått tett ved vassinntaket til kraftverket, eit par mil lenger opp. Dermed saug kraftverket inn store mengder luft, som turbinen piska inn i vatnet før det kom ut att nedanfor stasjonen.
– Me er svært lei oss for det som har hendt. Sjølv om vi reagerte kjapt, har hendinga dessverre fått miljøkonsekvensar, seier kommunikasjonsrådgjevar Jarle Hodne i BKK Produksjon til BT.
Han fortel at BKK allereie fredag føremiddag fekk ein alarm om at ei rist var gått tett. Dei reinska rista, men fekk ny alarm om det same laurdag klokka 11.50. Medan dei var på veg til å reinska opp på nytt fekk dei meldinga om kvitt elvevatn og daud fisk.
– Eg har sett gassovermetting i vassdrag også tidlegare, men aldri i slik omfang. Dette er ei alvorleg sak, seier Normann.
Krev meir overvaking
Det er særleg kraftverk med bekkeinntak og Francisturbin (den vanlegaste turbintypen i Noreg) som gir auka risiko for altfor mykje luft i elvevatnet.
– Slike kraftverk bør overvakast. Me har undersøkt dette i ti regulerte norske elver. Me fann høg gassovermetting i sju av dei. Tre gonger gav det stor akutt fiskedød.
Han meiner det er på høg tid med betre tiltak for å unngå slike hendingar.
– Mange kraftselskap har vist miljøansvar dei siste tiåra. Men styremaktene må pålegga selskapa større og meir omfattande overvaking av gassovermetting, på same vis som dei i dag må overvaka vassføring og vasstemperatur.
Ekso var lenge ei av dei beste lakseelvene på Vestlandet, men etter kraftutbygginga sidan 1970-talet gjekk fisket nedover, og elva vart stengd for fiske av villaks i 1991.
Grunneigarar, Uni Research Miljø og BKK arbeidde i 25 år med å få bestanden opp att, og først i 2016 vart det igjen seld fiskekort for laks i Eks
Elva må kanskje stengast
No er både yngel og smolt råka av feilen i Myster kraftverk.
– Eg er redd BKK her har tatt livet av det meste av fisken som var i elva. Laksestammen her var jo heilt på knea, og vi har arbeidd og kultivert han i mange år, seier leiar Heine Eikefet i Ekso Elveeigarlag til BT.
Uni Research Miljø LFI har no sett ut måleutstyr i elva for å overvaka gasskonsentrasjonane.
Dykkarar fann i går 15 fleire daude fisk, og er ute og leitar også i dag.
– Men daud fisk blir raskt spylt ut i sjøen og spist av fugl eller fisk. Det vart også observert levande fisk, så bestanden er ikkje heilt utrydda, seier Pulg.
No skal forskarane kartlegga skadeomfanget før det blir vurdert om elva må stengast for fiske.
- Les også: