Hopp til innhold

Kraftverk-feil strypte Lærdalselvi

Ein feil ved eitt av kraftverka til Østfold Energi strypte onsdag kveld vasstilførsla til Lærdalselvi. skriv VG. Eitt aggregat skal ha stoppa heilt opp klokka 18.30. Det fekk følgjer for vassføringa i den kjende lakseelva. Vasstanden skal ha vore synleg lågare enn normalt. Først i 3-4-tida natt til torsdag hadde Lærdalselvi normal vassføring. Det skal så langt ikkje vere rapportert om daud fiske som følgje av hendinga. Ola Petter Bøe i Lærdal elveeigarlag seier til NRK at dei fryktar den låge vassføringa har skada fiskebestanden i elva.

– Det er kaldt i elva, og yngelen gøymer seg i botn av elva. Når det skjer så brå endringar, så strandar han. Vi er redd det er ein betydeleg mengde yngel som no har døydd, seier Bøe.

Lærdalselvi 30.11.23
Foto: Jan Christian Jerving / NRK