Kraftselskap slit med å få låne pengar

– Fleire kraftselskap er i ferd med å kome i ein alvorleg situasjon, det meiner BKK-sjef Jannicke Hilland.

Kraft

TØFFARE TIDER: Fleire kraftselskap brukar no meir pengar enn dei tener.

Foto: NRK

Låge kraftprisar og store investeringar gjer at gjelda veks så raskt at bankane kan nekte å låne ut pengar til kraftselskapa.

– Vi ser i dag selskap på Vestlandet som har problem med å få låne pengar, seier Hilland.

Kraftselskapa kan få det stadig tyngre framover, no er sjefen for eit av dei største innan vasskraft, BKK uroa.

Lågare kredittrating

Under konferansen Kraft i Vest på Sandane la Jannicke Hilland fram ei oversikt som syner at kredittbyråa no nedjusterer fleire av dei største selskapa, og varslar at endå fleire vil få nedjustert sin rating.

Jannicke Hilland

MÅ TA TAK SJØLVE: BKK-sjef Jannicke Hilland etterlyser ein kraftbransje som er meir opptekne av å effektivisere. I mai varsla BKK at dei vil kutte nær 150 årsverk dei neste åra.

Foto: BKK

Blant dei er selskap som Sognekraft og SFE, konsekvensen er at det blir dyrare og vanskelegare å få lån til å bygge ut krafta.

– Kombinasjonen av låge prisar og behovet for investeringar gjer at nokre kraftselskap tenar mindre pengar enn dei brukar. Det er ikkje berekraftig på lang sikt, seier Hilland.

Ventar ikkje vekst i kraftprisen

Kraftprisen er låg om dagen, og BKK ventar at den ikkje veks nemneverdig dei neste ti åra.

På same tid blir det investert stort. I fylgje Energi Norge vil det frå 2006 til 2020 bli brukt nær 90 milliardar kroner på nett og produksjonsanlegg, konsekvensen er aukande gjeld og overskot av straum.

Men styreleiar i Sogn og Fjordane Energi, Per Atle Kjøllesdal, meiner dei framleis har kontroll.

– For SFE sin del så er eg ikkje uroa. Men det er ei svært relevant problemstilling, og det er noko som vi heile tida har med oss i bakhovudet. vi er nøydde til å halde ei kredittrating som gjer finansiere oss på same nivå som i dag, seier Kjøllesdal.

Paradoks

For situasjonen er paradoksal, på den eine sida ventar alle at klimavenleg kraft og klimavenleg industri vil bli etterspurt over heile verda, på den andre sida har kanskje ikkje kraftselskapa musklar til å investere.

– Vi sit på ein fantastisk ressurs i vasskrafta vår. Den gir oss eit nett og ein straum som er 100 prosent fornybar. Medan resten av Europa må prøve å skape kraft basert på fornybar energi, så er vi allereie der. Og dette må vi bruke som eit konkurransefortrinn i verdiskaping og industri, seier Hilland.

– Er det noko styresmaktene kan gjere, eller dette noko som bransjen må ta tak i sjølve?

– Eg trur det handlar om begge deler. Det handlar om rammevilkår. Det er eit paradoks i eit grønt skifte at vår næring vert skattlagd meir enn olje- og gassnæringa. Men i næringa må vi og ta tak, og då handlar det om lønsam og effektiv drift.