Hopp til innhold

Kraftmønstring mot energibyrået: – Ein kamp vi ikkje har råd til å tape

ODDA/MO (NRK): Fagrørsla fryktar eit europeisk kraftsamarbeid vil svekke råderetten over norsk vasskraft. Torsdag protesterer motstandarar over heile landet mot ACER.

Demonstrasjon i Mo i Rana

TYDELEG NEI: Fleire stader i Noreg vert motstanden mot norsk deltaking i EU sitt energibyrå ACER markert torsdag kveld. Her frå Mo i Rana, der opp mot 200 personar hadde møtt opp.

Foto: ANDREAS TRYGSTAD / NRK

Regjeringa sitt forslag om norsk deltaking i EU sitt energibyrå, Agency for the Cooperation of Energy Regulators (ACER), møter motstand over heile landet.

Byrået (ekstern lenke) jobbar for at kraftmarknaden skal fungere betre i Europa, og debatten om kor vidt Noreg skal bli med, har rast dei siste vekene.

– Vi er redde for å miste råderetten og kontrollen over vasskrafta, og norsk kraft- og industripolitikk, viss dette blir realitet, seier leiar Terje Kollbotn i LO Indre Hardanger.

Saman med resten av lokallaget har han tatt initiativ til eit «Vestlandsopprop» for å ta vare på krafta og industrien, som fleire har slutta seg til.

Motstanden vert torsdag markert både i Odda, Kristiansand, Høyanger, Mo i Rana, Mosjøen og Sunndalsøra.

– Dette er ein viktig kamp som vi ikkje har råd til å tape, seier Kollbotn.

Kraftdemonstrasjon i Odda

ENGASJERTE: Nesten 100 personar hadde møtt opp til markeringa i Odda. Dårleg vêr gjorde at demonstrasjonen måtte haldast innandørs.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Ei politisk hastesak

Tilhengarane meiner Noreg vil kome godt ut av kraftsamarbeidet, medan motstandarane fryktar ACER kan pålegge Noreg å bygge fleire straumkablar til utlandet, og drive opp straumprisane her til lands.

– Dette er ei stor politisk sak som det ikkje vart snakka om under valkampen. Regjeringa har hastverk, og no køyrer dei denne saka over hovudet på det norske folk. Vi krev ei skikkeleg konsekvensutgreiing og ein offentleg debatt, seier Kollbotn.

– Krafta er vår, og vi kjempar for nei til ACER, seier Tommy Tverdal, ungdomskontakt i Fagforbundet og LO i Indre Hardanger.

Protest mot EUs energibyrå i Odda

MOTSTANDARAR: Sølvi Helene Møinichen frå Nei til EU, Bergen og Oddvar Skre frå nei til EU, Hordaland var til stades under demonstrasjonen i Odda torsdag kveld.

Foto: Tale Hauso / NRK

Søviknes åtvarar om EØS-konsekvensar

Regjeringa har kalla kritikken av eventuell norsk deltaking i ACER for ei kortslutning.

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) meiner Noreg vil tape på ikkje å ta del i EU sitt kraftsamarbeid.

– Det er viktig at vi sit ved bordet når Europa no skal vidareutvikle sin kraftmarknad. Noreg er allereie tett knytt til Europa gjennom den felles kraftmarknaden vi har i Norden.

Kva konsekvensar kan det få dersom vi ikkje blir med?

– ACER er relevant for EØS-avtalen. I ytste konsekvens kan den avtalen stå på spel, hevdar Søviknes.

Espen Barth Eide (Ap).

STILLER KRAV: Espen Barth Eide (Ap) er saksordførar når energi- og miljøkomiteen på Stortinget skal behandle saka i mars.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Arbeidarpartiet kan avgjere

Senterpartiet, Raudt, SV, Miljøpartiet dei Grøne og Kristeleg Folkeparti har vore kritiske til ACER og regjeringa sitt forslag om å bli med. Difor vil Arbeidarpartiet sine røyster truleg avgjere, når saka skal voterast over på Stortinget 16. mars.

– Arbeidarpartiet har heile vegen vore positive til samarbeidet vi har hatt så langt, men vi stiller klare føresetnader for å vere med vidare og slutte oss til forslaget som ligg i Stortinget, seier stortingsrepresentant Espen Barth Eide (Ap).

Han seier Arbeidarpartiet vil stille ei rekke krav før partiet kan ta ei endeleg stilling i saka.

– Eigarskapet til norske vasskraftressursar må ligge fast, og framleis i all hovudsak vere offentleg eigde. Eventuelle nye utanlandskablar må bli bestemt av norske myndigheiter, og Statnett må eige og drifte framtidige samband mellom forskjellige land, seier Eide