Hopp til innhold

Kraftige vindkast stenger fjellovergangar

Vindkast opp mot 30 m/s kan føre til svært ruskete forhold for dei som må over fjellet i Sør-Noreg.

kraftig vind langs kysten

KRAFTIGE KAST: Den mørkaste fargen markerer kvar den kraftigaste vinden vil råke.

Foto: @meteorologene

  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt
  • Ferjesambandet Buavåg–Langevåg på fv. 541 er innstilt

– Det er meldt kraftig vind og det kan bli litt ufyseleg i fjellet, seier operatør ved vegtrafikksentralen, Tom Erik Englaugstad til NRK.

Meteorologisk har sendt ut gult farevarsel for vindkast langs kysten av Vestland og Møre og Romsdal, samt fjellområda i Sør-Noreg.

Fleire ferjesamband er innstilt og politiet har fått melding om fleire små hendingar så langt.

Vegtrafikksentralen fortel at fleire sentrale fjellovergangar som riksveg 15 Strynefjellet og riksveg 13 Vikafjellet kan bli stengde på kort varsel i kveld.

– Frå Strynefjellet har vi fått meldingar om mykje vind og kraftig snøfokk, opplyser Englaugstad.

Uvær på Strynefjellet

RUSKETE: Statens vegvesen sitt kamera på Strynefjellet syner at det er uvêr.

Foto: Statens vegvesen

Årets fyrste trampoline på avvege

Også lenger sør har ein merka vinden. I Nordhordland har ein bod mista taket. Det bles så inn i naboen sin garasje. Brannvesenet saga av taket, og stroppa det fast til garasjen for at det ikkje skulle flyga vidare.

– Skadane kunne blitt store, seier brannvesenet sin innsatsleiar, Nils Medaas.

I tillegg har årets fyrste trampoline hamna på avvege, skriv politiet på Twitter.

I Bergen har fleire bosdunkar velta, medan eit trafikklys på ei bru har velta i Austevoll.

Både på Nordås i Bergen og i Knarvik har anleggsgjerde lagt seg ned.

– Men det er ikkje meir enn at vestlendingane greier å stå han av, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Han tilrår likevel å festa lause gjenstandar.

– Så får me sjå, det er jo meldt litt vind i natt, seier Hellesund.

Laster Twitter-innhold

Trossa raudt lys

Ved Rugsund-brua i Bremanger har det vore raudt lys i kveld. Medan enkelte respekterte lyssignalet, har fleire likevel vald å køyra over.

– Dei meinte dei kunne køyra over. Dei meinte det var heilt normalt, og at brua hadde halde ope ved verre vindhøve enn i kveld, seier Hellesund.

– Ein skal følgja dei teikna og signala som blir gitt, presiserer operasjonsleiaren.