Hopp til innhold

Køyrde vogntog med overlast og utan førarkort

Politiet måtte i kveld rykke ut etter at Statens Vegvesen stogga eit vogntog med overlast. Sjokket var stort då det synte seg at den norske sjåføren ikkje hadde førarkort!

Vegvesenet sin kontrollstasjon på Håbakken ved E16 i Lærdal

STOGGA HER: Kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal er ofte nytta når Statens Vegvesen har sine kontrollar.

Foto: Statens vegvesen

Politet er førebels sparsame med opplysniningar om hendinga, som skjedde ved Statens Vegvesen sin kontrollstasjon på E16 ved Håbakken i Lærdal. Kontrollstasjonen ligg like ved inngangen til verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen.

– Statens Vegvesen stogga eit vogntog. Det synte seg at vogntoget hadde overlast og at sjåføren ikkje hadde førarkort, opplyser politiet til NRK seint tysdag kveld.

– Kva var nasjonaliteten til mannen?

– Dette var ein norsk mann i 50-åra, fortel politiet.

Distriktsleiar for Statens Vegvesen sin kontrollseksjon i Indre Sogn, Tormod Gausdal, var ikkje sjølv tilstades under kontrollen.

– Eg har sjekka med mine folk som var på staden, og det er korrekt at vi tilkall politiet då vi stogga ein norsk bil der sjåføren ikkje hadde førarrett, seier Gausdal.

– Er ikkje dette høgst uvanleg?

– Det er nok uvanleg ja, men dette er no ei politisak, sler Gausdal fast.

NRK har ikkje lukkast å få kontakt med politipatruljen som var på staden.

Statens Vegvesen har mykje kontrollaktivitet knytta til Håbakken, og har stogga ei rekkje vogntog der med ulike manglar.