Hopp til innhold

Må betale dyrt for å bryte kviletid

Norgesturen kosta to trailersjåførar frå Litauen dyrt.

Fredag ettermiddag blei dei stoppa av Statens vegvesen på E16 ved Håbakken i Lærdal.

Dei to sjåførane fekk kvar si bot på 6000 kroner for brot på kvile- og køyretida. Begge har betalt bøtene og dei har fått køyre vidare.