Hopp til innhold

Kortvarig comeback for Hansen

Cato Hansen sitt comeback i sogndaltrøya varte i 43 minutt.

Sogndal - Strømsgodset

JOBBAR: Ingenting å utsette på arbeidsinnsatsen til Cato Hansen, men etter 2 089 minutt, fordelt på 43 kampar, står Cato Hansen framleis utan eliteseriemål.

Foto: Oddleif Løset/NRK

To minutt før pause i oppgjeret mot Strømsgodset måtte den tidlegare Brann-spissen kaste inn handkledet, og vart erstatta av Tonny Brochmann Christensen.

– Kroppen kjendest grei ut heile vegen. Plutseleg small det då eg skulle trø til i ein spurt, seier han.

Utan kontrakt

Spissen fekk ein strekkskade i oppgjeret mot Aalesund i byrjinga av september. Truleg er det denne han slo opp att i 1-1-kampen mot Strømsgodset på Fosshaugane søndag.

Skaden kom på verst tenkelege tidspunkt for ein spelar som står utan kontrakt etter årets sesong.

– Eg er skikkeleg forbanna no, men slik er ein fotballspelar si verd. Det er om å gjere å kome raskt attende når sjansen kjem, seier han.

Dårleg timing

– Eg veit kva eg er god for og har lyst til å spele fotball lenge til, seier han og vedgår at han så langt ikkje har høyrt noko frå Sogndal om kontraktsforhandlinga.

– Men det er det agenten min som styrer med. Uansett er skaden dårleg tima. Eg håpar det ikkje er så alvorleg. At eg får med meg eit par kampar til på slutten, seier han.

Får tillit

Hansen har spelt 20 seriekampar for Sogndal etter overgangen før årets sesong. Så langt er det berre blitt to mål i cupen.

22-åringen har likevel fått tillit hos trenar Harald Aabrekk og vore meir eller mindre fast i startoppstillinga til Sogndal. Aabrekk meiner Hansen har fått for mykje kritikk for dei manglande måla.

– Cato har vore utruleg viktig for oss med den farten og jobben han har gjort. Han er ein tovegsspelar på kanten der. Vi får berre krysse fingrane for at det ikkje tek like lang tid før han kjem attende, seier Aabrekk.

– Han er viktig for oss

Aabrekk meiner Hansen har bidrege med mykje på årets Sogndal-lag, sjølv om måla har uteblitt.

I fleire kampar har 22-åringen vore eit konstant uromoment for motstandarane.

– Han er viktig med tanke på måten vi spelar på. Vi treng farten og spisskompetansen som Cato har. I tillegg har han enorm defensiv kapasitet. Motstandarane kan ikkje sleppe han av syne, då er han igjennom med ein gang, seier Aabrekk.