Hopp til innhold

Koronatida betre enn frykta for næringslivet

BERGEN (NRK): Ei ny, stor undersøking viser at det no er optimisme blant norske verksemder. Men det er stor skilnad frå bransje til bransje.

ekofisk

OPTIMISME: Åtte av ti av norske verksemder trur dette året blir betre enn 2020.

Foto: Industri Energi

– Hovudfunnet er at det har gått litt betre enn det verksemdene frykta då koronakrisa kom, seier Marit Warncke i Bergen Næringsråd.

2172 verksemder av alle storleikar over heile landet har svart på ei stor kartlegging gjort av Det norske handelskammerforbund.

  • Majoriteten av dei trur at botnen no er nådd, og ser optimistisk på 2021.
  • 8 av 10 verksemder trur dette året blir betre enn 2020.

– Det er ein forsiktig optimisme inn i eit nytt år. Dette har truleg noko med at vaksinen er på veg og ein ser enden på pandemien, seier Warnche.

Marit Warncke i Bergen Næringsråd

BEINHARDT: Leiar Marit Warncke i Bergen Næringsråd, som har bestilt undersøkinga, seier at mange verksemder klarer seg bra, men somme slit meir.

Foto: Leif Rune Løland

Har unngått konkursras

I ei liknande kartlegging gjort i mai i fjor var stemninga heilt annleis. Då svarte 9 av 10 verksemder at dei frykta konkurs om koronakrisa varte i meir enn seks månader.

No i januar er berre sju prosent uroa for at dei ikkje skal klare seg.

Regiondirektør Einar Vaage i IT-selskapet Atea er glad for at prognosane dei laga i mars ikkje har slått til.

– Det har gått vesentleg betre enn det vi frykta. Vi hadde ganske dystre framtidsutsikter. Men vi opplevde faktisk ein liten vekst i fjor, seier han.

Dei fleste verksemdene i hans bransje har klart seg bra.

– Når det gjeld 2021 trur vi på vekst. Vi opplever faktisk at veksten allereie har byrja.

Stor skilnad på bransjane

Men større optimisme betyr ikkje at denne tida er smertefri for norsk næringsliv.

40 prosent av verksemdene hadde nedgang i fjor. Dei fleste av desse anslår at det vil ta eit til to år før dei er tilbake til nivået dei hadde før koronakrisa.

Det er reiseliv, kultur, hotell og restaurant, maritim sektor og bemanningsbransjen som er hardast råka.

I desse bransjane har dei fleste opplevd stor nedgang.

– Framleis ser vi at mange slit beinhardt. Det er veldig delt. Mange klarer seg bra, men somme slit meir. Det er viktig at støttepakkane frå styresmaktene vert forlenga ut året, seier Warncke.

Små slit meir

Ho meiner undersøkinga viser tydeleg at dei store bedriftene har kome betre ut enn dei heilt små.

Dei fleste verksemder med under 50 tilsette gjorde det dårlegare i 2020 enn året før. Eit stort fleirtal av dei med over 150 tilsette har opplevd økonomisk framgang.

– Støtteordningane ikkje har treft dei mindre bedriftene så godt. Større bedrifter har hatt større utteljing på hjelpepakkane. Samstundes har dei hatt meir å tære på. Det er enklare for dei store å finna måtar å kutte kostnadar og halde oppe resultata, seier Warncke.

Ansatte på Vinyl bar i Bergen med munnbind første kvelden med nye koronatiltak

SMÅ SLIT: Dei fleste verksemder med under 50 tilsette gjorde det dårlegare i 2020 enn året før. Dei med over 150 tilsette har opplevd økonomisk framgang.

Foto: Valentina Baisotti

Regjeringa ser det an

Næringsminister Iselin Nybø (V) meiner det er naturleg at dei større er meir robuste enn dei små.

– Men eg meiner at også små bedrifter får nytte av kompensasjonsordninga. Det er både store og små utbetalingar. Det er døme på at bedrifter som har fått 6000 kroner.

Næringsforeiningane meiner dette kan snu om ikkje støtteordningane frå regjeringa held fram ut året. Men næringsministeren seier dei vil justere seg etter smittesituasjonen i landet.

– Me må sjå det litt an, for å ha rett type ordning til rett type situasjon.

Ho viser til at ordningane er laga slik at ein kan auke eller redusere dei og utvide dei i tid viss nødvendig.

– Viss ikkje risikerer me å halde på inaktiviteten lenger enn nødvendig. Det er verken bra for dei tilsette som vil tilbake på jobb, for bedriftene som skal tene pengar, eller for den norske økonomien totalt, seier Nybø.

PtHdzpudLHs

NATURLEG: Næringsminister Iselin Nybø (V) meiner det er naturleg at dei større er meir robuste enn dei små.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe