Hopp til innhold

Senter må avvise rusavhengige i døra på grunn av smittevern

MINDE (NRK): Koronatiltaka har snudd opp ned på tilbodet innan rus og psykisk helse i Bergen. – Vi har mista nokon på vegen, og det bekymrar meg, seier avdelingsleiar.

DJY Hellford Band

HEAVY METAL: F.v. Helge og Frank har vore rusfrie høvesvis 17 månadar og eitt år, og spelar saman i «DJY Hellford Band» på mottaks- og oppfølgings-senteret på Wergeland i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Heavy metal rungar frå kjellaren på MO-senteret på Wergeland i Bergen.

– Eg har vore nøktern i 17 månadar no, seier Helge.

Han er vokalist i «DJY Hellford Band». Både koronaavstand og øyreproppar er viktige når bandet covrar Judas Priest-låtar.

Bandmedlemane er blant dei heldige som slepp inn denne dagen på mottaks- og oppfølgingssenteret (MO-senter).

Der er det rehabilitering og sosiale tilbod for menneske som har eller har hatt utfordringar med rus.

Vanlegvis kjem 20–25 personar på døra, men grunna smittevern slepp berre ti inn om gongen.

– Vi må dagleg avvise folk. Det gjer at vi ikkje kan drive nokon stor form for nyrekruttering heller, seier avdelingsleiar Camilla Fonnes Haaland.

MO-senteret på Wergeland

BEKYMRA: F.v. Camilla Fonnes Haaland, avdelingsleiar, og Christine Sundal, erfaringskonsulent, ved MO-senteret på Wergeland i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Auka rus og angst

Problemet gjeld heile tenestetilbodet for rus og psykisk helse i Bergen.

Stengde, endra og reduserte tilbod har møtt dei som slit med psykisk helse og rus under koronapandemien.

Det slår ein ny rapport frå Deloitte fast, laga på oppdrag for kontrollutvalet til bystyret i Bergen.

Mens regjeringa ventar på koronakommisjonen, har Bergen allereie fått nummer to av ti delrapportar som skal granske korleis det har gått med ulike sårbare grupper i kommunen under pandemien.

DJY Hellford Band

HARDTSLÅANDE: Frank er trommeslagar når Eskil Syltøy Løland (f.v.), musikkterapeut Sindre Skår og Helge spelar i band.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Mange gjekk det ikkje så bra med

Nokon har det betre enn før på grunn av meir telefonkontakt og heimkøyring av mat.

Andre opplever auka rusbruk og fleire angstsymptom.

For eit år sidan var bassist Eskil Syltøy Løland innlagt for å ta tak i alkoholproblemet sitt då landet og alle tilboda til rusavhengige blei stengde ned.

– Alle blei sendt heim. Det gjekk greitt med meg. Men eg trur det er mange det ikkje gjekk så bra med. Fleire av dei eg har treft som blei skrivne ut, fekk øydelagd ganske mykje god framgang, seier Løland.

Musikken og bandet er viktig for han.

– Det gir ei kjensle av meistring i kvardagen, som er det som fort manglar når ein er arbeidsledig.

Eskil Syltøy Løland

BETYR MYKJE: Bandet og musikken gir Eskil Syltøy Løland meistring i kvardagen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Mista kontakten med fleire

Avdelingsleiar Haaland fortel også at dei har mista kontakten med ei rekke brukarar.

– Vi hadde 70 ulike personar innom i januar mot vanlegvis 100–120. Då har vi mista nokon på vegen, og det bekymrar meg, seier ho.

Haaland peikar på at mange kan kjenne på einsemd.

Med to rapportar på bordet så langt, ser utvalsleiar Henning Warloe (H) allereie no eit mønster som teiknar seg:

Henning Warloe

Henning Warloe (H) leiar kontrollutvalet som har bestilt koronarapportane.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Det er dei mest sårbare brukarane av tenestene til kommunen som også har blitt hardast ramma av pandemien. Jo meir du treng kommunen, jo mindre har du fått av kommunale tenester i delar av denne perioden, seier Warloe til NRK.

Han er uroa for at det skal bli eit auka digitalt klasseskilje når tilsette får grei kontakt med unge brukarar, mens eldre, tunge rusavhengige ikkje er like tilgjengelege der.

– Det er eigentleg dei som har tapt på dette, seier Warloe.

– Det er forferdeleg å tenke på

Onsdag ettermiddag var rapporten oppe i kontrollutvalet til bystyret.

– Det er forferdeleg å tenke på at sårbare grupper har fått det verre under pandemien, uttala Lubna Jaffery, byråd for arbeid, sosial og bustad til utvalet.

Lubna Jaffery, Byråd for arbeid, sosial og bolig i Bergen

BYRÅD: Lubna Jaffery (Ap) er byråd for arbeid, sosial og bustad.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Til NRK seier ho at tilbodet innan rus og psykisk helse ikkje har vore godt nok gjennom pandemien.

– Det er jo ikkje det. Her må vi også jobbe alternativt for dei som ikkje kjem inn når dei kjem på døra.

Jaffery understrekar at dei lovpålagde tenestene har vore opne gjennom heile pandemien, og at nye tilbod har komme til, tilbod som kan bli permanente også etter korona.

Vidare rosar ho dei tilsette for å ha høg endringsvilje og vere tilpassingsdyktige.

Kommunen har lært

Rønnaug Helene Frøiland, leiar etat for psykisk helse og rus, seier dei har lært mykje sidan covid-19 kom til landet.

– Vi stenger ikkje ned att tenestene på same måte som i mars i fjor, seier Frøiland til NRK.

Etter pandemien skal etaten lage si eiga brukarundersøking for å forbetre tenestene ytterlegare.

– Dei som har skoen på skal fortelje oss korleis vi kan gjere det betre, seier ho.