Hopp til innhold

Manglar fagarbeidarar når grensene er stengde – Endre blei henta inn frå Nav-bunken

Mangelen på fagarbeidarar kom ekstra til syne då landet stengde for utlendingar. No tek Aker Solutions inn arbeidsledige til stillas-arbeid.

Endre Lian

STILLASARBEIDAR: Endre Lian skal i løpet av tre månadar lærast opp til å bygga og sikra stillas på Stord.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Spesielt i vinter har det vore vanskeleg å finna noko, seier Endre Lian.

Han set opp eit øvingsstilas i vårsola ved Aker Solutions-verftet på Stord. Det er ikkje så høgt, men på verftsområdet ventar skyhøge stillas på plattformer og andre installasjonar.

I tre månader skal Lian og tre andre unge menn lærast opp til å bygga og sikra stillas på Aker Solutions på Stord.

Går det rette vegen, kan dei om fleire år enda opp med fagbrev.

– Det var veldig frigjerande. Endeleg fekk eg ei god moglegheit, seier Lian.

Kværner Stord

VERFT: Ved Aker Solutions-verftet på Stord merkar dei mangelen på fagarbeidarar.

Foto: Marit Hommedal / NTB Scanpix

Tre av fire er innleigde frå utlandet

Noreg kjem til å mangla 70.000 fagarbeidarar fram mot 2035, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Den siste tida har verftet på Stord hatt 125 stillasarbeidarar i sving. Av dei er berre ein firedel eigne tilsette. Resten er leigde inn.

Fleire andre fag er i same situasjon.

Jarle Henriksrud

KREVJANDE: Verftsdirektør Jarle Henriksrud seier at koronasituasjonen har gjort at verftet tydeleg merkar mangelen på fagarbeidarar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Stillas, isolasjon og måling er særleg utfordrande. Men me treng fleire fagarbeidarar på ei rekkje andre område også, seier verftsdirektør Jarle Henriksrud.

Rekrutteringa av arbeidssøkjarar til stillas var planlagd før korona stengde grensene.

– Me har hatt problem med rekruttering i mange år. Når grensene no er stengde for utanlandske fagarbeidarar, merkar me endå meir på kroppen at dette er krevjande for oss, seier Henriksrud.

Norsk Industri stadfestar at dette er eit problem i heile landet.

– Ein har lenge sett at arbeidsstokken har vore aldrande, og ser at i løpet av rundt 15 år, vil ein stor del av dei faglærte i desse faga vera pensjonerte, seier Anita Leirvik North, som er dagleg leiar for Korrosjons, isolerings- og stillasentreprenørens foreining i Norsk Industri.

Arbeidsledige manglar kompetanse

Nav har samarbeidd med Aker Solutions om rekrutteringa av stillas-elevar. Dei kallar det eit pilotprosjekt, og håpar det blir utvida.

– Arbeidsgjevarar har behov for kvalifisert arbeidskraft, og me har mange arbeidsledige som manglar rett kompetanse. Her er det eit hol me må fylla, meiner marknadsansvarleg i Nav Sunnhordland, Sindre Vikanes.

Sindre Vikanes og Jarle Henriksrud

PILOTPROSJEKT: Sindre Vikanes i Nav Sunnhordland og Jarle Henriksen i Aker Solutions står bak prosjektet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Han trur korona tydelegare har vist behovet for norske fagarbeidarar.

– Det er noko me lenge har tenkt å satsa på, og det er blitt endå viktigare no.

Ifølgje Nav var det enkelt å finna aktuelle kandidatar blant dei arbeidsledige.

– Det kan vera folk som har droppa ut av skulen, at dei ikkje får fullført læretida si. Nokon kan ha hatt helseutfordringar, behov for tilrettelegging eller har sosiale problem.