Måndag denne veka vedtok eit knapt fleirtal i fylkestinget å selje Fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til Torghatten. Saka har skapt sterke reaksjonar både før og etter salet, og fleire har stilt spørsmål ved lovlegheita av salet, særleg på grunn av medeigar Havila sin forkjøpsrett, som Havila no vil gå rettens veg med.
– Konkurransetilsynet kjenner denne saka førebels berre gjennom media, men vi registrerer det som kjem, og dette er ei sak som fort vil hamne på vårt bord, seier avdelingsdirektør i Konkurransetilsynet, Gjermund Nese.
- Les også:
- Les også:
– Det største oppkjøpet på fleire år
For ved oppkjøp av denne storleiken er partane pliktige til å melde det inn til Konkurransetilsynet.
– Det betyr at når det skjer eit sånt oppkjøp så kan ikkje det gjennomførast før det er meldt inn til og behandla av Konkurransetilsynet, og at tilsynet eventuelt har godkjent oppkjøpet, seier Nese.
- Les også:
Han vedgår at dette er eit stort oppkjøp i ferjemarknaden, men vil ikkje seie noko om kva utslag dette kan få for konkurransen i marknaden.
– Vi følgjer ferjemarknaden tett, i likskap med veldig mange andre marknader, og det har nok ikkje vore eit oppkjøp av ein slik storleik dei siste åra. Men dette vil uansett vere vurderingar som vi vil måtte gå inn og ta når saka kjem på vårt bord.
Må vurdere marknadskonsekvensar
Om han ser utfordringar med kjøpet allereie i dag, vil ikkje Nese kommentere no.
– No skal eg ikkje føregripe noko av dei vurderingane vi vil gjere når meldinga kjem, men kor mange aktørar det er i marknaden er blant det vi vil sjå på.
For det er Konkurransetilsynet si oppgåve å passe på at konkurransen i ulike marknader ikkje blir for avgrensa slik at det blir dyrare for forbrukarane.
Vil ha dialog med fleire aktørar.
Nese fortel at saka vil ha tre moglege utfall, ifølgje Nese. Anten blir det vurdert slik at salet vil avgrense konkurransen, og då vil salet bli stogga, eller så vil Konkurransetilsynet tillate salet viss det ikkje er grunn til uro for konkurransen.
– Det tredje alternativet er at det vert tillate på visse vilkår ved at aktørane føreslår nokre grep som fører til at uroa til tilsynet fell vekk.
- Les også:
Nese seier dei først og fremst vil ha dialog med dei involverte aktørane, men at dei også vil hente inn informasjon frå andre aktørar. Kor lenge saksbehandlinga vil vare er vanskeleg å seie noko om, seier Nese, men saka må behandlast innanfor 130 dagar.