Hopp til innhold

Kongeparet følgde råd om noregsferie – kom til folkefest i Måløy

Store mengder med entusiastiske måløyværingar helsa Kongeskipet og Dronning Sonja velkommen til Måløy i ettermiddag.

Dronning Sonja går i land i Måløy

RUNDTUR LANGS KYSTEN: Denne veka har Kongeskipet vore på reise langs kysten. Fredag ettermiddag gjekk turen til Måløy i Kinn kommune.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det er no kjent at kongeparet likar å ta seg ein tur til Måløy, seier Sunniva Melvær.

Ho synest det var veldig gledeleg, men uventa med kongeleg besøk. Med nesten 30 varmegrader og klar himmel fekk dronninga oppleve kystbyen på sitt beste.

– Hadde eg vore guide i dag hadde eg teke ho med på Refvikstranda, utan tvil, seier Terje Mulelid som syntest det var stas då dronninga kom ut på dekk og vinka til dei frammøtte.

Dronning Sonja vinkar til dei frammøtte i Måløy

OVERRASKA: – Det er artig å få uventa besøk, seier måløyværing Sunniva Melvær. Fredag ettermiddag kom Dronning Sonja til Måløy.

Foto: Bjarne Eldevik

Ingen offisiell reise

I sommar vert nordmenn oppmoda av regjeringa til å ta noregsferie grunna korona. Kongeparet ser også ut til å ta denne oppmodinga på alvor, då dette ikkje er noko offisiell reise.

Til NRK skriv Sven Gj. Gjeruldsen ved Det kongelege hoff at «vi kommenterer ikkje kongefamilien sine private reiser».

Kongeskipet har denne veka vore på rundtur langs kysten. Måndag kveld kunne ein sjå det staselege skipet i Fjærlandsfjorden i Sogn. Klokka 03.00 la dei til kai i Skjolden, skriv Sogn Avis.

Tysdag skriv avisa at skipet heldt fram med å segla inn i dei smale fjordarmane i Sogn. Tipsarar seier til avisa at kong Harald har vore i Lærdal på laksefiske i helga, og er ikkje om bord i skipet.

Onsdag stod Ornes i Luster kommune for tur. Ifølgje Sogn Avis besøkte dronninga den nesten 900 år gamle stavkyrkja Urnes.

Lunsj med vener

På torsdag blei det kongeleg besøk i Bremanger og Kalvåg, skriv Firdaposten. Fredag føremiddag åt dronninga lunsj på Knutholmen i Kalvåg saman med vener.

Då skipet segla forbi Hornelen same dag blei det bråstopp i arbeidet til utviklarane i treningskonseptet Stready.

– Då måtte vi finne fram flagg og vinke, seier Lars Erik H. Andreassen i Stready.

Vinkar til Kongeskipet Norge

VINKAR TIL DRONNINGA: Då Kongeskipet segla forbi Hornelen fredag føremiddag fann utviklarane i Stready fram flagg og vinka.

Foto: Otto Kristoffer Lote

Fredag ettermiddag la skipet til kai ved Måløy brygge. Dette er tredje besøket på tre år.

– Det syner jo at ho liker seg her. Noko vi skjøner godt, seier måløyværing Terje Mulelid stolt.