Hopp til innhold

Kommuneoverlege vil ha fortgang i smittespreiinga

Overlegen i Kinn kommune vil opne opp at delar av samfunnet for å få fortgang i smittespreiinga. – Vi må utnytte kapasiteten vi har bygd opp.

Jan Helge Dale

TOM SKULEPLASS: Kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale, meiner skulane bør gradvis opnast att.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Eg håper pasientar som har andre plager torer å komme til legekontoret. Men det kan vere at dei utsett det, kanskje i redsel for å bli smitta, seier kommuneoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale.

På legesenteret i Florø er venterommet tomt for pasientar. Vanlegvis bruker dei 17 legane her å hjelpe om lag 200 personar, kvar dag.

At stolane på venterommet står tomme meiner legen er urovekkande.

Tomt legesenter i Florø

TOMT: Vanlegvis er det fleire hundre pasientar innom legesenteret i Florø. No er det nesten ingen innom, og det meiner kommuneoverlegen er urovekkande.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Kanskje kreftsjukdommar, hjartesjukdommar eller andre sjukdommar utviklar seg. Det har sin pris at vi er redde for å bli smitta.

No meiner han kapasiteten primærhelsetenesta og sjukehusa har bygd opp for å takle koronaviruset ikkje kjem til nytte.

Løysinga er å opne opp i nokre av tiltaka, til dømes opne barnehagar og skular.

Smittespreiing

– Kunsten er å sleppe opp passeleg, slik at vi får utnytta kapasiteten i helsevesenet både for koronasmitta og dei andre pasientgruppene.

Legen er uroa for dei pasientgruppene som no sit heime og ikkje oppsøkjer lege.

– Eg trur ikkje dei har forsvunne sjølv om koronaen kom.

No vil han ha fortgang i smittespreiinga, for å skape ein flokkimmunitet.

– Nokon må bli sjuke for å byggje opp ein immunitet.

Som eitt av tiltaka frå regjeringa vart alle skular og barnehagar stengt i midten av mars.

Han meiner tiltaka har vore naudsynte, men at det no er tid for å sleppe opp. I alle fall nokon plassar i landet.

– Vi har gjort ting rett til no, men eg meiner vi må gjennom epidemien, seier Dale.

– Sjå til Kina

– Eg syns dei skal ta det med ro, sjå til Kina der dei opna forsiktig og seint. Der er tal nye smitta null.

Bjørg Marit Andersen er professor i hygiene og smittevern. Ho ber helsevesenet halde på dei tiltaka som er sett i verk.

– Vi har ikkje nådd smittetoppen enno. Fem prosent av dei som blir testa for viruset er smitta, og det er veldig mykje.

Ifølgje professoren er 2–300 av dei som er smitta i dag under 20 år. Ho er engsteleg for at denne gruppa skal spreie viruset vidare.

Bjørg Marit Andersen

PROFESSOR: Bjørg Marit Andersen er professor i hygiene og smittevern. Ho ber styresmaktene halde på dei tiltaka som er innført.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Risikoen er særleg i skulen. Vi veit smittespreiing skjer i skulen.

– Eg vil ikkje sleppe opp att før vi er nede i nærast null i tal nysmitta per døgn. Då veit vi at taket er nådd, og då kan vi lette på trykket etter kvart.

I solidaritet

Legen i Florø seier det er fleire grunnar til å sleppe opp i tiltaka.

– Hos oss der vi har lite sirkulerande smitte, så kan det vere forsvarleg med gradvis eller full opning av skular og barnehagar, seier Dale.

Han meiner det vesentlege er å kunne styre dette med regionale og lokale tilpassingar, alt etter kor mykje smitte det er i dei ulike områda.

– Elevane misser kanskje det dei skal lære, og det er nokre utsette elevgrupper som er sårbare for denne typen isolasjon, seier kommuneoverlegen.

– I solidaritet med dei som treng det mest blant oss, må vi prøve å få samfunnet i gong att slik det pleier vere.