Hopp til innhold

Kommunen nektar «villcamping» i surfeparadis

Stor pågang med turistar gjer at Stad kommune nyttar ei ny lovendring til å setje allemannsreten til side, og avgrense retten til å slå leir kvar ein vil i naturperlene Hoddevik og Ervik på Stadlandet.

Hoddevik

UT MOT HAVET: Hoddevik på Stadlandet. Her har grunneigarar sett seg grundig lei på at folk campar og gjer frå seg i naturen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det var Aftenposten som først omtalte dette torsdag kveld..

Både politikarar i Stad kommune og næringsdrivande har over tid kravd at noko måtte gjerast med situasjonen i Hoddevik og Ervik.

Og 19. Juni i år trådde ei endring i friluftslova i kraft, som gjer at kommunane sjølv kan avgrense allemannsretten, utanom å gå vegen via Fylkesmannen, slik dei måtte før.

Frykt for koronasmitte, forsøpling og avføring gjer at campingplasseigar og politikarar vil nekte folk å bruke allemannsretten i naturperlene.

Kommunen har lagt ut kart som syner kvar det no er forbode med det som blir kalla «villcamping».

– Overnatting i Hoddevik er forbode innanfor område attgjeve på kartet. Forbodet gjeld mellom anna bruk av alle typar telt, campingvogner og hengekøyer, skriv Stad kommune på heimesidene.

Dei same reglane gjeld no også for Ervik. Begge bygdene har dei siste åra hatt ein enorm vekst i reiselivet, ikkje minst på grunn av alle bølgesurfarane som kjem til Stadlandet heile året.

– Vi opplever at gjester som ikkje får plass hos oss vel å setje opp telt i utmarka. Det seier vi at vi ikkje ønsker, sa dagleg leiar for Hoddevik strandcamping til NRK i juni.