Hopp til innhold

Kommunen deler ut pengar til alle for å dempe «bismaken» frå kraftinntektene

Kraftkommunar tener så godt på høge straumprisar at nokre av dei startar med «avlatshandel».

Lærdal

JULEGÅVE: Innbyggjarane i Lærdal kan glede seg over at kommunen vil dele ut 1000,- kroner til kvar enkelt av dei.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Det er med ein bismak at vi tek inn gode pengar no før jul, seier ordførar i Lærdal, Audun Mo (Ap).

Så langt i 2021 har kraftkommunen i Sogn tent 20 millionar kroner på å selje konsesjonskraft.

Det er dobbelt så mykje som dei budsjetterte med.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.

Ordføraren seier til NRK at det då berre er «rett og rimeleg» at dei gir litt tilbake til innbyggarane – nøyaktig 1000,- kroner i eingongsstøtte per hovud.

– Det er ikkje ein stor sum, men eit symbol på at vi ønskjer å gi ei god julehelsing, seier han.

Audun Mo

BISMAK: – Det er med ein bismak at vi tek inn gode pengar no før jul, seier ordførar i Lærdal, Audun Mo (Ap).

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Ein veldig gledeleg nyheit å få

For lærdalsfamilien Evjestad, som tel fem stykkar, blir det i alt 5000 kroner i støtte.

– Dette var ein veldig gledeleg nyheit å få, seier Per Åke Evjestad.

Han legg til:

– Det kjem godt med. Jo fleire vi er, jo meir dusjing og vasking blir det.

Også Vestland fylke tener godt på høge straumprisar og sal av konsesjonskraft. Dei ligg an til å få 130 millionar kroner i meirinntekter neste år.

Familien Evjestad er glad for støtta frå Lærdal kommune. 
Til venstre: Knut, Per Åke, Magnus, Anna og Iris.

GOD HJELP: Familien Evjestad er glad for støtta frå Lærdal kommune. Til venstre: Knut, Per Åke, Magnus, Anna og Iris Evjestad.

Foto: Privat

Kutta avgift og deler ut ekstra

Også i kraftkommunen Luster er inntektene frå kraftsal dobla. Frå 20 til 40 millionar kroner.

– Det er med ein viss bismak at vi får så store inntekter når det er innbyggjarane som må betale, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp).

For å hjelpe innbyggarane med straumrekninga har dei vedtatt å kutte i eigedomsskatten.

– Vi nyt godt av dei høge kraftprisane. Då vil vi gi noko tilbake til folk, seier ordføraren.

Fleire andre støttar innbyggjarane sine

I resten av landet har Bykle, Sirdal og Valle gått til liknande skritt.

Aurland er ein av dei store kraftkommunane, men her deler dei ikkje ut pengestøtte.

Ordførar Trygve Skjerdal (Sp) seier dei ikkje sel straumen på spot, men til lokale kraftlag, noko som i sin tur vert reflektert på straumrekninga til folk.

– Innbyggjarane våre har blant dei billigaste straumprisane i landet, seier Skjerdal, og viser til at med alle avgifter ligg prisen på 40 øre kilowattimen.