Hopp til innhold

Kommisjonen om barn og unge: – Konsekvensane kan vare utover i livsløpet

Koronakommisjonen meiner norske barn og unge har bore på ein stor byrde under pandemihandteringa. – Eit djupt alvor at vi har ein barne- og ungdomsgenerasjon som opplever dette.

Logan Sebastian Steffensen

TUNGT ÅR: Logan Sebastian Steffensen kjente den sosiale nedstenginga på kroppen.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Det er eitt av hovudfunna frå koronakommisjonens rapport som vart lagt fram onsdag.

Då Noreg stengde ned i mars 2020, stengde også barnehagane, skulane og tenestetilbod.

Dei inngripande tiltaka gjekk ut over alle barn og unge, men særleg dei sårbare. Store delar av fritidstilbod er framleis stengd eller redusert.

Bekymra for framtida

Ein av dei som fekk har kjent pandemien på kroppen, er Logan Sebastian Steffensen.

Han var ein av fleire ungdommar som fortalte korleis nedstenging hadde påverka livet hans i koronapandemien tidlegare i år.

Logan trur ikkje han er den einaste.

– Eg trur det er mange andre som går rundt og kjenner på det same, seier Steffensen til NRK.

Han er bekymra over kva ringvirkningar dette kan ha for tida framover.

– Eg trur det er skummelt fordi ein kan ikkje sjå inn i framtida og tenke «det er sånn ting ser ut». Det gjer det skummelt, fordi me veit ikkje kor mange psykologar me treng i framtida, eller kor mykje ekstrahjelp somme barn treng i framtida, seier Steffensen.

logan Sebastian steffensen

BEKYMRA: Logan Sebastian Steffensen er bekymra over kva konsekvensar sosial nedstenging kan ha hatt for unge i Noreg.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

Koronakommisjonen skriv at konsekvensane for barn og unge kan vise seg å bli livslange.

«Barn og unge bærer en stor byrde under pandemien, og konsekvensene kan vise seg å vare utover i livsløpet til dem som er unge i dag», samanfattar kommisjonen.

– Eit djupt alvor

I rapporten viser kommisjonen til fleire alvorlege funn for barn og unge i Noreg det siste året. Mange opplevde at fleire viktige tenester heilt eller delvis forsvann.

Kommisjonen er uroa for om omfanget av omsorgssvikt, vald og overgrep har auka under pandemien, men det «foreligger foreløpig ikke sikre tall om dette».

Nokre funn viser dei likevel til:

  • Nesten ein tredjedel av barnevernstenestene i landet hadde færre møter med barn enn normalt, så seint som i november 2020.
  • Helsestasjonar,
  • Det har vore aukande pågang til chattetenester ved omsorgssvikt, vald og overgrep.
  • Tal frå Politidirektoratet syner auke i både politimelde seksuallovbrot mot barn og i saker om mishandling i nære relasjonar med barn under 16 år.

– Det er eit djupt alvor over at vi har ein barne- og ungdomsgenerasjon som opplever dette. Om det i seg sjølv skulle gjort noko med tiltaksbyrda undervegs, er ein anna diskusjon, sa kommisjonsleiar Stener Kvinnsland på pressekonferansen.

Overlevering av koronakommisjonens rapport

KOMMISJONSLEIAR: Stener Kvinnsland på dagens pressekonferanse.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

«Betydeleg læringstap»

Det var ulik lengde på stenginga av barnehagar og skular i Noreg i fjor. Alle stengde 12. mars; så opna barnehagane 26. april, barnetrinnet på grunnskulane 26. april og mellom – og ungdomstrinn opna 11. mai.

Sjølv få veker med slik stenging kan ha fått konsekvensar for både læring og utvikling hjå barn, meiner kommisjonen. Dei summerer funna slik:

  • Ein langvarig stenging kan ha gått ut over språkleg- og sosial utvikling hjå barnehagebarn.
  • Læringstapet har vore betydeleg for elevar på barne- og mellomtrinnet under heimeundervisninga, syner studiar.
  • Mange elevar har vore uroa for at dei har gått glipp av viktige ting på skulen. Motivasjon og arbeidsinnsats har gått noko ned.

– Heimeskule og digital undervisning kan gi mindre motivasjon og dårlegare vilkår for læring. Yngre elevar vil kunne dra med seg slike «arr» i opplæringa gjennom store delar av utdanningsløpet. Det kan føre til fråfall og gi varige konsekvensar for jobbmoglegheiter seinare i livet, skriv kommisjonen.

Dei anbefaler at styresmaktene utarbeider ein prosedyre som gir oversikt over kva elevar og barn som har ein familiesituasjon, helsesituasjon eller liknande som gjer dei spesielt sårbare.

– Må ta omsyn

Kommisjonen legg til at det er tidleg å trekke konklusjonar om konsekvensane av pandemi og smitteverntiltak.

Overlevering av koronakommisjonens rapport

LA FRAM RAPPORT: Stener Kvinnsland la fram koronakommisjonens rapport onsdag 14. april.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Det er først om fleire år vi kan trekke sikre slutningar, skriv kommisjonen.

Kommisjonens leiar sa på pressekonferansen onsdag at problema for barn og unge må fangast opp av styresmaktene i pandemihandteringa vidare.

– Tiltaksbyrda versus smitteproblematikk er veldig komplisert. Men vi har gjort merksam på farane og seier at ein kanskje kunne vore betre førebudd. I alle fall må ein ta større omsyn til det i fortsetjinga.

– Det som i større grad kunne vore gjort, og som må gjerast framover, er korleis ein skal fange opp problema og kva ein skal gjere med det, sa Kvinnsland.

– Fælt

– Det er trist og fælt å si det, men vi er ikkje overraska. Dette er ei varsla krise som vi har sett kome under heile pandemien. Det store spørsmålet er kva vi gjer med dette no, seier sosialbyråd Lubna Jaffery (Ap) i Bergen.

Lubna Jaffery

TRIST, MEN IKKJE OVERRASKANDE: Sosialbyråd i Bergen, Lubna Jaffrey (Ap), meiner dette er ei varsla krise.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

I vestlandshovudstaden har dei merka stor pågang i alt frå skulevesen til barnevern. Det er ventelister på hjelpetilbod for unge, og barne- og ungdomspsykiatrien har store utfordringar.

– Det som kanskje er mest urovekkande er at dei barna som har vore sårbare i utgangspunktet har blitt ekstra sårbare no. Dei har gått glipp av moglegheiter og blir ikkje sett når samfunnet er stengt ned. Og for dei som elles er trygge ser vi at det sosiale har blitt ei stor utfordring.

I Bergen har dei rekna på at prislappen for å få opp tilbod som har vore stengd er på mellom 30–40 millionar kroner.

– Regjeringa må kome med dei pengane som trengst for å førebyggje den pågåande krisa, meiner Jaffery.