
Airlift sin hovudbase på Bringeland. Arkivfoto
Det var under landing på eit anleggsområde at eit helikopter frå Airlift slo rotoren borti ein stålcontainer, knekte begge rotorblada og deformerte halebommen.
- For små marginar
- Flygaren hadde for små marginar då han landa med underhengjande last. Han hadde mykje å passe på då han skulle setje frå seg lasta, og han kom borti ein container med rotoren på helikopteret, seier havariinspektør Edith Irgens.
I fjor var det tre slike helikopteruhell her i landet, der ein rotor trefte hindringar under landing. Halvparten av alle ulukker med mindre helikopter sidan 1999 har vore tilsvarande hendingar.
Statens Havarikommisjon for Transport ber no helikopterflygarane om å velje landingsstadar med betre plass.
- Vi ser slike tilfelle ganske ofte. Flygarar vel landingsområde med for små marginar. Det må planleggjast godt for å unngå dette, sidan det er risikofylt, seier Irgens.
Tek kritikken på alvor
Administrerande direktør Bjarne Slapgard i Airlift seier at dei tek havarikommisjonen sine vurderingar på alvor. Han avviser at selskapet tøyer grensene.
- Vi arbeider med å skjerpe inn og setje iverk tiltak for å betre tryggleiken. Men vi utfører oppdrag under svært ulike og vanskelege forhold, seier han.
Piloten følgt opp
Slapgard seier at Airlift er meir utsette for ulukker enn selskap som opererer i mindre vanskeleg terreng. Selskapet med hovudbase på Bringeland utfører 30.000 lasteavgangar årleg.
I tilleg til den generelle innskjerpinga av rutinene ved denne typen oppdrag, har den involverte piloten også fått oppfølging etter ulukka.