Berre ein person skal ha vore på jobb då ranet skjedde, stadfestar politiet til Bergens Tidende.
- Då han skulle stengja kom det to menn inn og overmanna han og bandt han fast, fortel politiførstebetjent Karl Petter Leganger ved Hordaland polititdistrikt.
Braut opp speleautomatar
Dei to inntrengjarane skal ha brote opp speleautomatar som stod i lokalet.
- Me reknar med at ranet har skjedd ein gong mellom 01.30 og 02.00 i natt, fortel Leganger.
Ifølgje politiet skal den eine gjerningsmannen vera rundt 1,90 meter høg, og den andre 1,70 meter høg. Begge to skal ha hatt på seg mørke hettegenserar.
Ynskjer tips i saka
Politiet har gjort kriminaltekniske undersøkingar på staden. I tillegg avhøyrer dei den tilsatte ved utestaden.
Dei har førebels ikkje vore i kontakt med andre vitne.
- Me er sjølvsagt interesserte i opplysningar frå publikum, seier Leganger.
Det er enno uklart kor mykje gjerningsmenna fekk med seg av verdiar frå utestaden.