Hopp til innhold
Per Kristian Grimeland leiar årets Klassequiz i Sogn og Fjordane.
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Klassequizen i Sogn og Fjordane

Oppsummert

Eid Ungdomsskule imponerte med andreplass i den nasjonale finalen i Klassequizen i fjor. I år skal programleiar Per Kristian Grimeland vitje over 40 skular i jakta på nye finalistar frå Sogn og Fjordane.

  • Førde og Askvoll til landsfinalen

    Vinnarane i Klassequizen i Sogn og Fjordane vart Askvoll skule med åtte poeng. Dei får med seg Førde, som fekk sju poeng, til landsfinalen i Oslo. Det er klart etter finalen i Nynorskhuset tysdag ettermiddag. Gloppen ungdomsskule fekk seks poeng, medan Sande skule fekk fem poeng i finalen.

    10.-klassingane til Askvoll og Førde ungdomsskule er klare for landsfinalen i Klassequizen.
    Foto: Oddmund Haugen / NRK
  • Vassenden til topps i Klassequizen

    Tiendeklassingane ved Vassenden skule gjekk heilt topps i finalen av klassequizen i Sogn og Fjordane. Elevane fekk 10 poeng i den direktesendte finalen frå Førdehuset. Med seg til den store landsfinalen i Oslo får dei Gloppen Ungdomsskule. Dei fekk ni poeng. Hyen skule fekk sju poeng, medan Eivindvik fekk åtte poeng.

  • Klassequizfinale i Sogn og Fjordane

    I ettermiddag blir det avgjort kven som er dei kvassaste tiandeklassingane i Sogn og Fjordane. Då er det klart for lokal finale i Klassequizen. Gloppen ungdomsskule, Eivindvik skule, Vassenden og Hyen skule er dei fire finalistane som skal kjempe om to plassar i landsfinalen. Du kan høyre finalen på radio etter klokka 15.

    Finalelaga i Klassequizen.
  • Klassequizfinalen blir 13. januar

    Fredag 13. januar skal dei beste klassane i Klassequizen i Sogn og Fjordane møtes til finale i Førde. I finalen møtes Eivindvik skule (biletet) og Gloppen ungdomsskule, som begge fekk 11 av 12 poeng, samt Vassenden og Hyen skular. Sistnemnde noterte seg for ti av 12 oppnåelege poeng.

    Vegard Tveit, Hedda Marie Palmer Håvåg og Dorthea Norman Bøe representerer Eivindvik skule i årets Klassequiz.
    Foto: Per Kristian Grimeland / NRK
Finalelaga i Klassequizen.
Frå venstre: Henrik stavland, Bendik Andreas Bøe og Martine honningsvåg Aarnes.