Hopp til innhold

Førde og Askvoll til landsfinalen

Vinnarane i Klassequizen i Sogn og Fjordane vart Askvoll skule med åtte poeng. Dei får med seg Førde, som fekk sju poeng, til landsfinalen i Oslo. Det er klart etter finalen i Nynorskhuset tysdag ettermiddag. Gloppen ungdomsskule fekk seks poeng, medan Sande skule fekk fem poeng i finalen.

10.-klassingane til Askvoll og Førde ungdomsskule er klare for landsfinalen i Klassequizen.
Foto: Oddmund Haugen / NRK