Hopp til innhold

Kjem frå byen for å bli geitebonde

KANDAL (NRK): Han er lei av eksos og rulletrapper. No flytter Torstein Kollevåg til Kandal saman med kjærasten, for å prøve seg som geitebonde.

Flytter til Kandal for å drive med geit

TV: Sjå innslaget frå Vestlandsrevyen.

Regnet øser ned når NRK er på besøk i Kandal. Kjea har gøymt seg i skogen og vil ikkje kome fram.

– Dei likar ikkje regn. Svigerfar er ute og leitar etter dei no, seier Torstein Kollevåg.

Han har budd i Kandal heile sommaren og flyttar snart hit på heiltid. Kjærasten hans, Eivind Kandal, kjem frå den vesle bygda som ligg på vestsida av Breimsvatnet. No skal odelsguten heim for å ta over garden.

– Vi har snakka om dette i lang tid, men det er eg som er pådrivaren. Eg er klar for å reise frå Oslo og bu her, seier han.

Eivind Kandal og Torstein Kollevåg

I LAG: Saman med kjærasten Eivind Kandal skal Torstein Kollevåg overta drifta av garden etter svigerfaren.

Foto: Torstein Kollevåg

Satsar på kjekjøt

Kollevåg har i lang tid vore engasjert i gardsdrifta og han har hjelpt svigerfaren med å auke omsetninga. Både ved å leie ut rom på Airbnb og ved å selje kjøtet frå geitene som før vart kasta.

Dette tok han initiativ til etter å ha sett at svigerfaren måtte ta livet av dei nyfødde kjea. I lang tid har det ikkje vore lønsamt for mange geitebønder å fostre opp geitene for å selje kjøtet. Kollevåg meiner geitekjøt har eit stort potensial, og har byrja å marknadsføre det.

– Kjekjøt er ein delikatesse heilt på line med lammekjøt. Det det mange unge som byrjar å få auga opp for no, seier han.

Torstein Kollevåg

KLAR: Torstein Kollevåg, her i Ytre Kandal.

Foto: Torstein Kollevåg

Ferdig med Oslo-livet

– Eg er eit skapande menneske, og eg er kreativ gjennom å skape, seier Kollevåg.

I Kandal skal kreativiteten få utløp gjennom arbeidet med kjøtproduksjon, satsing på overnattingstilbod for turistar og ved å lage kulturelle arrangement i bygda. Den kommande helga skal han arrangere stølsdag, saman med Nordfjord Folkemuseum og andre lokale bønder.

– Vi ønskjer å kombinere natur og kultur, og det er det vi skal satse på, forklarar han.

Kjærasten, Eivind Kandal, er operasongar. Når dei flyttar til Kandal vil han framleis reise rundt som songar, medan Kollevåg skal stelle heime på garden. Han veit at det er ein omfattande jobb som ventar.

– Det er ingen lette arbeidsoppgåver som ventar her på garden, men eg er villig til å prøve og til å satse alt.

Gler seg

Etter å ha jobba og budd i Oslo i 12 år, gler han seg til å flytte på bygda.

– Eg er lei av eksos og rulletrapper. I Kandal er livet heilt annleis. Oslo er ein flott by for dei som vil ha den «buzzen» som storbylivet vil gir, men eg er ferdig med det, seier han.

Kjærleik for geitene

GEITEBONDE: – I utgangspunktet er geitene eit fantastisk altmogleg-dyr, seier Torstein Kollevåg.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK