Hopp til innhold

Åshild Kjelsnes må ta grep i E39-saka, meiner Erling Sande

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) må ta til å vise leiarskap for å få ei løysing på kvar E39-traséen skal gå i Nordfjord. Det meiner Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Åshild Kjelsnes

HO MÅ TA GREP, SEIER SANDE: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han synest ikkje ho har vore god nok til å forklare regjeringa kva fleirtalet i fylkestinget ønskjer, nemleg ein midtre trasé over Anda-Lote.

– Eg vil iallfall oppmode fylkesordføraren om å vise leiarskap. Dette er viktige saker for Sogn og Fjordane.

– Fantastisk god løysing

Erling Sande meiner det no må bli ei avklaring på kva trasé E39 skal ta, og han synest ikkje at fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet fronter godt nok det vegvalet fleirtalet i fylkestinget ønskjer.

– Den løysinga som har kome opp og er omtalt meiner eg er ei fantastisk god løysing for Sogn og Fjordane, og om vi ikkje grip dei sjansane vi har så må vi stå til ansvar for det i ettertid.

(Artikkelen held fram under biletet).

Erling Sande

- MÅ GRIPE SJANSEN: Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp).

Foto: NRK

– Må fronte fylket si løysing

Han meiner Åshild Kjelsnes bør ta ansvar for dette, sjølv om dei begge er med i regjeringsparti.

I juni tilbaud samferdselsminister Marit Arnstad frå Sp 400 millioner vegkroner til Olden-Innvik mot at E39 skal gå over Anda-Lote. Dette sa Ap nei til.

Sande meiner fylkesordføraren no må gå aktivt ut og forklare regjeringa kva fylket faktisk ønskjer å få.

– Vi må gå ut frå at fylkesordføraren har så god kontakt med sine eigne partifeller at ho kan høyre korleis desse drøftingane går, og endå betre, å fronte fylket sitt framlegg til løysing.

(Artikkelen held fram under biletet).

Anda-Lote - flytebrualternativ

VIL HA BRUA HER: Erling Sande vil ha E39-brua over Anda-Lote.

Foto: LMG Marin/Nordwest3D

– Har etterlyst svar

Åshild Kjelsnes avviser kritikken fra Erling Sande.

– Eg frontar det som er fylkeskommunen sitt syn, eg har no etterlyst eit svar frå samferdselsministeren om det er hald i at det kan vere sjansar for å få meir pengar til vegar her i fylket.