Hopp til innhold

Ingen automatikk i opprustning av Olden-Innvik om indre E39-trasé blir valt

Det er ingen automatikk i at Olden-Innvik blir rusta opp dersom indre E39-trasé blir valt.

Geri Pollestad E39
Foto: Montasje / NRK

Det er ikkje gitt at Olden Innvik vert rusta opp dersom indre trasé blir valt.

Det er avisa Firda Tidend som i dag skriv dette.

– Det blir vanskeleg å tenkje seg ei mellombels løysing for E39 med veg rundt fjorden, seie statssekretær i Samferdsledepartementet, Geir Pollestad til avisa.

Samferdsledepartementet tilbyr 400 millionar vegkroner til Olden-Innvik for å få bru over Nordfjorden ved Anda-Lote og omgjering av strekninga Byrkjelo-Stryn til riksvegstatus.

Dette for å få Arbeidarpartiet til å vere med på å velje midtre linje for E39 gjennom Nordfjord.

Dette burde vere ei tilbodspakke Ap ikkje kan si nei til, meiner mange, men tilhengarane av den indre linja meiner Olden-Innvik vil bli rusta opp uansett traseval. Dette avkreftar Pollestad.

– Dersom indre trasé blir valt, er det ikkje gitt at vi rustar opp Olden-Innvik, seier han.

– Eg veit at det er behov for å gjere noko med Olden-Innvik, men vil tru at ein byggjer strekninga Byrkjelo til Kvivsvegen i eitt dersom indre trasé blir valt, seier Pollestad.