Hopp til innhold

Kjæledyr «tek av» på Instagram – 26.000 følger hunden Theo

Instagramkontoar for dyr blir stadig meir populære. Hunden Theo blir kjent igjen når han er ute på tur med eigaren.

Theo på Melderskin i Rosendal

TURGLAD: Mykje av Instagram-kontoen til Theo er fylt med bilete frå turar. Her frå Melderskin i Rosendal.

Foto: Anna Torill Valland

Det dukkar stadig opp nye Instagram-profilar for ulike dyr i verda, også i Noreg.

Hunden Theo frå Bergen har opparbeidd seg over 26.000 følgjarar på Instagram.

– Eg veit ikkje korleis han har blitt så populær. Det kan ha noko med at eg ofte legg ut bilete i natur. Internasjonale følgjarar blir kanskje overraske over kor sprek hunden er, seier Anna Torill Valland, som driv kontoen.

No har hunden følgjarar frå heile verda. Aller størst er følgjarskaren frå USA, Brasil, Noreg, Storbritannia og Indonesia.

Anna og hunden Theo

EIGAR: Anna Torill og Theo er glade i å reise på tur saman. Her frå Stegastein

Foto: Privat

Theo tok over kontoen

I utgangspunktet tilhøyrde kontoen eigaren Valland, men etter kvart tok Theo meir og meir over. Frå 2015 gjorde ho om namnet på heile kontoen.

– Da fekk Theo kontoen, så eg måtte lage ein ny til meg sjølv.

Først tok ho berre bilete med mobilen, men etter kvart fekk ho seg eit kamera og gjekk på fotokurs.

Internasjonale stjerner

På verdsbasis er det den vesle hunden «Jiff the Pomeranian», med over 10 millionar følgjarar, som er det mest kjende dyret på Instagram.

Den 11 år gamle pomeranianen har i tillegg over 20 millionar følgjarar på TikTok.

Instagramkontoar for dyr har blitt så populære at det finst eigne marknadsføringsbyrå for desse kontoane.

jiffpom, fra instagram (screenshot)

Populær: Liten, fluffy dott, er rart vi trykkjer på følg-knappen.

Foto: privat

Andreas Ervik er stipendiat på Universitetet i Oslo, og har ekspertiseområde innan søte dyr. Han har forska på fleire kjente Instagram-kontoar for dyr.

– Det å setje opp Instagram-konto for kjæledyret sitt på kan vere ein god måte å skaffe mange følgjarar på.

Særleg no under koronapandemien meiner han dyrebilete har fungert som ein type digital kos.

Førstelektor ved UiO Andreas Ervik

FORSKAR PÅ DYR: Andreas Ervik har forska på søte dyr på internett.

Foto: Siv Dolmen

– Internett er nesten laga for dyr.

Han seier dyr generelt alltid har vore populært.

Auka respekt

Fagleg leiar i dyrevernsorganisasjonen Noah, Siri Martinsen, har berre hatt positive erfaringar knytt til Instagram-kontoar for dyr.

Ho viser til kontoen «Esther The Wonderpig» som eit døme. Gjennom kontoen kan folk få auka respekt for dyr som folk elles ikkje har eit forhold til, slik som grisen Esther.

– I dei fleste tilfelle presenterer ein dyra som dei enkeltindivida dei er, og fremjar behova deira.

Esther the wonderpig

RESPEKT: Det er ikkje berre hundar og kattar som har Instagram, grisen Esther er òg svært populær, med over 600 tusen følgarar.

Foto: Skjermbilde frå Instagram

Korleis du kan bli «petfluensar»

Ein kjæledyr-influensar blir kalla «petfluensar».

Ifølgje Ervik er det nokre faktorar som går igjen blant dei dyra som lukkast som petfluensarar.

For det første er det ein fordel at dyret er søtt.

PETFLUENSAR!

GØY: Det viktigaste er å ha det gøy, og ikkje stille for høge krav til deg sjølv

Foto: Anna Torill Valland

– Dyr som ser ut som levande kosedyr, eller kanskje som har ein litt unik utsjånad blir ofte populære, seier Andreas Ervik.

Kommunikasjonen med følgjarar kan også ha ein innverknad på følgjartalet. I tillegg bør ein poste ofte, gjerne kvar dag, ifølgje Valland.

– Ein bør ikkje vere for perfeksjonistisk. Prøv å ha det gøy, ikkje still så store krav til deg sjølv, seier hundeeigar Anna Torill Valland.

Theo i regnvær
Foto: Anna Torill Valland
Det er mange populære kontoar på Instagram for kjæledyr. Her er nokon av dei.