Hopp til innhold

Svært sterke skuldingar i retten då Kirketeig-saka starta

Rigid kontroll, mistillit og trakkasering. Sterke ord fall i dag i rettssaka mellom Jarle Kirketeig og Fellesforbundet.

Jarle Kirketeig

SAKSØKJAR: Jarle Kirketeig (t.v.) og advokat Thomas C. Jarning.

Foto: Bård Siem / NRK

Fjordane tingrett starta i dag handsaminga av arbeidsrettssaka mellom Kirketeig og arbeidsgjevaren.

Fellesforbundet sa opp Kirketeig, medan han meiner at han har blitt mobba og trakkasert av sjefen sin, Magne Ulvatn. Han krev jobben som organisasjonskonsulent attende, og krev 300.000 i erstatning i tillegg.

Baksnakking og mobbing

Advokat Thomas C. Jarning, som representerer Kirketeig, presenterte i dag ei lang rekkje påstandar i retten.

Han hevda mellom anna at oppseiinga skuldast at Kirketeig valde å stå fram som varslar. Kirketeig meiner at både han og andre har opplevd mobbing på arbeidsplassen. Noko som har gjort at Kirketeig i dag er sjukemeld og psykisk nedbroten.

– Han har blitt mobba, og forsøkt gjort til latter ovanfor andre. Han har vore utsett for baksnakking, og i styrerom og i arbeidsutval har leiar skapt eit bilete av han som er urett, heiter det mellom anna frå advokat Jarning.

– Sjikanøs måte

Det vert peika på fleire konkrete saker der advokaten hevdar at Kirketeig vart behandla på ein sjikanøs måte frå avdelingsleiaren:

  • Ein episode der Fellesforbundet kravde dokumentasjon frå reiarlaget på at dateringa på ein ferjebillett var urett
  • At han ikkje fekk bestille gratis brosjyremateriell som skulle nyttast i arbeidet han utførte
  • Fekk ikkje varsel om endringar i telefonsystemet
  • At han ikkje fekk naudsynt legitimasjon, verneutstyr og ikkje fekk ny telefon når den gamle byrja å svikte

– Trakassering

Advokaten hevdar at Kirketeig sidan 2007 vart utsett for rigid kontroll og urett mistillit frå Magne Ulvatn, som er leiar i fellesforbundet si avdeling i Sogn og Fjordane.

Kormeseth

SAKSØKT: Fellesforbundet er saksøkt for usakleg oppseiing. Her nestleiar Bjørn Kormseth.

Foto: Bård Siem / NRK

Det vart inngått ein avtale mellom Kirketeig og Fellesforbundet om korleis ein skulle handsame konflikten på arbeidsplassen. Advokaten hevda i retten at denne ikkje vart fulgt opp frå Fellesforbundet si side.

– Når det dårlege arbeidsmiljøet og samarbeidsproblemet har årsak i leiinga si trakassering av den tilsette, til det ikkje vere rettsleg grunnlag for å gå til oppseiing, hevdar Kirketeig sin advokat.

– Gyldig oppseiing

Fellesforbundet sin advokat i saka, Kari Begeius Andersen, hevda på si side at oppseiinga av Jarle Kirketeig må kjennast gyldig av tingretten.

Ho hevda hardnakka at oppseiinga ikkje var noko hemn etter at Kirketeig varlsa om dårlege arbeidstilhøve.

– Oppseiinga skuldast samrbeids- og kommunikasjonsutfordringane mellom partane, ikkje at saksøkjar valde å gå til media, hevdar advokaten.

Ho meiner at uansett kva retten kjem fram til, så vil det vere umogleg for Kirketeig å halde fram i jobben i Fellesforbundet.