Hopp til innhold

Kinesarar vil sjå skipstunnelen

Stad skipstunnel eksisterer berre på papiret. Men likevel vil ein 10 mann sterk delegasjon kome heilt frå Kina for å sjå på planane.

Skisse over Stad skipstunnel.

Det er den kinesiske ambassaden Oslo som har teke kontakt med norske styresmakter for å lære skipstunnelteknikk frå Stad.

Dagens Næringsliv skriv også at Kystverket i Ålesund har fått ein førespurnad om dei kan ta imot ein 10 mann stor delegasjon med blant anna tunnelteknikarar frå Kina.

Esben Schlytter, underdirektør i Fiskeridepartementet, seier han ikkje ser noko problem med å gje kinesarane tilgang til utgreiingar og forprosjekt.

Prislapp: 1 milliard kroner

Stad skipstunnel skal gå gjennom fjellet mellom Kjødepollen i Selje og Moldefjorden. Tunnelen er kostnadsrekna til kring ein milliard kroner og vil verte 1,7 kilometer lang. Tunnelen vil føre til at mindre båtar slepp å trafikkere det verharde Stadhavet.

Saka er no til behandling i departementet, og fiskeriministeren har varsla at den vert lagt fram for Stortinget i løpet av 2006.