Den amerikanske kystvakta meiner kapteinen opptrådde uansvarleg då Odfjell-tankaren eksploderte utanfor kysten av Virginia.
21 omkom
«Bow Mariner» var eigd av bergenske Odfjell. 21 menneske mista livet då skipet eksploderte og sank 28. februar 2003.
Berre seks personar overlevde i det iskalde vatnet.
Forlot mannskap i live
«Kapteinen forlet skipet utan å senda naudsignal, og han etterlet mannskap som han visste var i live,» heiter det i rapporten som blir lagd fram i dag.
Ifølgje rapporten mangla også mannskapet på «Bow Mariner» tilstrekkeleg opplæring i tryggleiksprosedyrer.
Kaptein får gjennomgå
I den voldsomme kritikken mot kapteinen heiter det vidare at oppførselen var "Eit avgjerande brot på normal tryggleikspraksis som korkje kan forklarast eller unnskuldast".
I rapporten går det ikkje fram kva som forårsaka eksplosjonen, som medførte at 21 av dei 27 ombord omkom.