Når NRK besøkjer Grodås sentrum får vi eit tydeleg svar på spørsmålet om kva politikarane i kommunen bør fokusere på i tida framover.
– Det er ein einaste ting eg tenkjer på no og det er at aldersbustadane må byggast ut, for der er det krise. Folk bur heime og ventar på plass. Eldreomsorga er det aldeles viktigaste, seier ei av dei rundt 900 røysteføre i Hornindal.
Eldreomsorg vert nemnt av fleire.
– Eldreomsorg, fylkesveg 60, skule og utbygging av bustader, seier ei anna som skal gå til valurna 14. september.
Pengar til drift
Økonomisk har det blitt stadig vanskelegare i Hornindal. 2014 enda tre millionar kroner i underskot. Innan pleie og omsorg var fjoråret prega av fleire pasientar enn det var plassar.
- LES OGSÅ: Måtte bu ein månad på do
– Det er ikkje berre å legge inn folk på omsorgssenteret. Ein må og ha folk til å stelle dei som skal bu der, seier ordførarkandidat Eldar Engelund for Senterpartiet.
Utbygging av omsorgssenteret er på trappene, og i tillegg til byggekostnaden må ein ha pengar til drift.
– Byggjer du sjukeheimsplassar, så må du ha fleire folk til å drifte dei. Det er det eg ser på som den største utfordringa i Hornindal kommune i dag, seier Stig Olav Lødemel.
- LES OGSÅ: Valresultatet i 2011
Høgste avgiftene på Vestlandet
Kommunen treng meir inntekter. Å innføre eigedomsskatt er eit alternativ. Utfordringa er at det er alt dyrt å bu i Hornindal.
Faktisk dyrast av alle kommunar i fylket, sjølv utan eigedomsskatt. Dei kommunale avgiftene er på vel 19.000 kroner ifølgje nettstaden Smarte Penger.
– Eg ønskjer ikkje å innføre eigedomsskatt, men eg vel å vere såpass ærleg å sei at det vert vanskeleg å klare fire år utan å innføre skatten, seier Engelund.
Hornindal Høgre har vore motstandar av eigedomsskatt.
– Det er vel ein sjanse for at vi må gå til det skritt til hausten å svelge den kamelen, seier Lødemel.
– Så ei stemme til Høgre er ikkje ein garanti for å sleppe å betale eigedomsskatt?
– Nei, garantiar vert ein arresterte på. Eg kan ikkje stå her i dag og love at vi klarar å styre unna skatten, men eg veldig innstilt på at vi skal forsøkje å unngå det, seier Lødemel.
Les kommentator Eldgrim Fossheim si vurdering:
Fire parti og fire nye toppkandidatar
Om valflesket er magert på grunn av pengesekken, er ordførarkandidatane mellom anna opptekne av utbetring av fylkesveg 60, kommunesamanslåing, nye tomter, og kraftutbygging i verna vassdrag.
Ved førre kommuneval gjorde Senterpartiet eit brakval og fekk 37, 7 prosent av stemmene. Høgre fekk 32,2 prosent oppslutnad.
Også Venstre og Arbeidarpartiet stiller med nye listetoppar.
Men så var det dette med lokalval.
– Val her i Hornindal er like mykje eit personval som eit partival, så kva som vert det endelege kommunestyret veit ein ikkje før 15. september, påpeikar Engelund.