Hopp til innhold

Store variasjonar på kommunale avgifter i Sogn og Fjordane

Medan årdølen berre betaler 4.700 kroner for kommunale tenester, må honndølen ut med 14.300 kroner. Sjekk kva din kommune krev for kommunale tenester.

Montasje - Kommunale avgifter

DYRT OG BILLIG: I Hornindal (t.v.) må dei ha reinseanlegg, og mange investeringar dei siste åra har ført til høge avgifter. I Årdal er situasjonen annleis. Eit fond med oppspara midlar gjer til at årdølane slepp billig unna.

Foto: Ottar Starheim/Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ho kjem to gonger i året. Rekninga for kommunale avgifter. Tenestene me nyttar kvar dag og tek for gitt, visar seg å koste litt likevel.

Men for nokon kostar det meir enn for andre. Skilnaden på billigaste og dyraste kommune i Sogn og Fjordane er på nesten 10.000 kroner. Og i Hornindal er det dyrast.

LES OGSÅ: Her betaler du mest i avgifter

LES OGSÅ: Gaular er dyrast i fylket

Kan bli endå dyrare i Hornindal

– Me har investert veldig i infrastruktur på vatn- og avløpsområdet dei siste åra. Det har kome reaksjonar på at avgiftene har byrja å bli høge. For å få lågare avgifter må me trappe ned investeringane når det gjeld vatn og avløp, også må det kome fleire abonnentar, seier økonomisjef i Hornindal, Brita Sollid.

Og fleire abonnentar har økonomisjefen trua på. Eit nytt hyttefelt og fleire bustader i Grodås vil bety fleire bustader å fordele kostnadene ut på, og dermed lågare avgifter. I tillegg til store investeringar grunngir Sollid dei store utgiftene i Hornindal med at dei er ein innlandskommune og at avløpsutgiftene difor vert høgare.

– Det er strenge krav til utslepp for ein innlandskommune. Det skal ikkje gå ut i det verna vassdraget eller Hornindalsvatnet, så me har investert mykje på den fronten, seier Sollid.

Politikarane i kommunen har bestemt at subsidieringa som kommunen tidlegare hadde på avløpssektoren no skal ta slutt, og dei kommunale utgiftene vert difor endå større for honndølane. Heile 17.222 kroner må dei ut med for dei kommunale tenestene, og kommunen hamnar då blant dei 20 dyraste kommunane i Noreg kva gjeld kommunale avgifter.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Kommunale avgifter i Sogn og Fjordane for 2012 og 2011

Kommunale avgifter i Sogn og Fjordane

Kommune

2012

2011

Hornindal

14290

12277

Gaular

11195

Manglar tal

Hyllestad

10721

10721

Jølster

10648

10648

Leikanger

10344

10363

Solund

10286

9041

Bremanger

9587

9158

Naustdal

9249

9884

Luster

9183

8622

Gloppen

9150

8797

Gulen

8902

8820

Sogndal

8892

8106

Selje

8820

8602

Aurland

8776

8241

Fjaler

8503

8503

Lærdal

8355

8029

Høyanger

8219

8006

Vik

8183

7396

Balestrand

8042

7903

Eid

7846

7748

Førde

7303

7359

Stryn

7085

6397

Flora

6702

6702

Askvoll

4722

9793

Årdal

4705

5048

Vågsøy

4137

8796

  • Moms kjem i tillegg til summane ovanfor.
  • Det er i denne saka tatt utgangspunkt i ein bustad på mellom 101 og 250 kvadratmeter.
Ekspander/minimer faktaboks

Billig i Årdal

På andre enden av skalaen finn ein Årdal der kvar abonnent må betale 4705 kroner for dei same tenestene. Og att på til kan teknisk sjef, Arne Kjos, skryte av å ha fått pris for det beste drikkevatnet i landet.

– Me har alltid hatt rimelege avgifter i Årdal. Det skuldast at me har flinke folk til å drifte. Me har også låge kostnader på reinsing av vatn, forklarer Kjos.

Ei anna viktig forklaring til dagens låge prisar er eit fond som Årdal kommune har spart opp over tid. Pengane i fondet kjem frå tidlegare avgiftsbetalingar, og pengane kan berre nyttast til drift og ikkje investering. Difor har Kjos sett avgifta lågt, for å få brukt opp meir av fondet. Og avgiftene kan halde seg låge i lang tid.

– På vatn og avløp har me faktisk 18–19 millionar kroner igjen på fond. I løpet av ein fire-fem-års periode kan me avskrive dette, og etter den tid fell dei store investeringane ut. Så eg tviler på at det vil bli dei største endringane i avgifta, seier Kjos.

Sogn og Fjordane langt under snittet

Andre grunner til dei låge prisane er at Årdal, i motsetnad til Hornindal, ikkje treng reinseanlegg, og at busetninga i kommunen er samla, slik at utbygginga av eit stort nettverk ikkje er naudsynt.

Også for bebuarane i Askvoll og Vågsøy er 2012-tala positiv lesing. Men dei låge avgiftene i desse kommunane vil ikkje bli noko vane. Også desse kommunane, i likskap med Årdal, har samla opp pengar i fond over lengre tid, og i fjor vedtok dei å sende ut berre ei rekning, i staden for dei vanlege to.

Gjennomsnittet i Sogn og Fjordane er langt lågare enn landssnittet. Medan kommunane i Noreg i snitt krev 11.605 kroner for dei kommunale tenestene, så er snittet i Sogn og Fjordane 8.686 kroner.