Hopp til innhold

Har rykt ut til fire bråtebrannar

På berre få timar laurdag fekk Alarmsentralen i Florø melding om fire bråtebrannar som hadde kome ut av kontroll. – Folk må vere forsiktige er oppmodinga.

Bråtebrann Rugsund

UTE AV KONTROLL: Brannen var på eit jorde nordaust for Rugsund Handelsstad.

Foto: Rune Leirgulen

Rundt klokka ti laurdag føremiddag kom meldinga om at ein bråtebrann var ute av kontroll på Kvalheim i Vågsøy. Berre nokre timar seinare, like før klokka 14, kom meldinga om nok ein brann. Denne gongen i Rugsund i Bremanger.

– Det var folk som meldte frå om at dei hadde mista kontroll på ein bråtebrann i Rugsund, seier vakthavande Frode Eide ved Alarmsentralen.

Dei sende ut brannvesenet i Rugsund, og kalla også ut brannvesenet frå Davik. Men brannvesenet fekk rakst kontroll og ein kunne snu dei som var på veg frå Davik. Det var ikkje fare for at bygningar skulle bli råka, opplyser Eide.

I løpet av ettermiddagen laurdag har brannvesenet rykt ut til ytterlegare to bråtebrannar som har kome ut av kontroll. Ein på Eide i Selje og ein i Årvika på Stadlandet.

Felles for alle dei fire bråtebrannane er at brannane har kome ut av kontroll, og at brannvesenet har måtte hjelpe til for å sløkkje den.

Eide ved Alarmsentralen ber folk vere forsiktige og seier det er tørt i terrenget. Han håpar dei ikkje får slike meldingar søndag.

– Folk bør i høgste grad vere forsiktige. Mister ein kontrollen på grasbrenning og det nærmar seg buskar, så tek det fyr med det same. Kjem det over i buskene så tek det laust med det same, seier Eide til NRK.no.