Hopp til innhold

Kan ha sett den første mårhunden i Sogn og Fjordane nokon sinne

Mårhund kan for aller første gong ha blitt observert i Sogn og Fjordane. Per Kapstad meiner det var eit slikt uvanleg dyr han fekk heilt opp til seg i Viksdalen.

Mårhund

KAN HA SETT EIN SLIK: Jeger Per Kapstad i Gaular kjenner seg trygg på at det må ha vore ein mårhund han trefte på i skogen i Viksdalen for nokre dagar sidan. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Rafal Kowalszyk/DN

– Eg har sett dei fleste dyr i naturen, men aldri noko liknande, seier jegeren til avisa Firda.

Han fekk seg ei oppleving utanom det vanlege då han sist fredag leita etter ein skadeskoten hjort i Viksdalen i Gaular. For dersom det verkeleg var ein mårhund han såg, kan det vere den første observasjonen av eit slikt dyr her i fylket.

Så langt Firda veit er det ikkje observert mårhund på våre trakter tidlegare. Mårhunden høyrer eigentleg heime i det austlege Asia, men har no spreidd seg til store delar av Europa.

Her er han ikkje velkommen og den blir forsøkt utrydda.

Gjekk til angrep på hunden hans

Etter å ha leita ei stund etter hjorten fann Kapstad til slutt ein plass der dyret tydeleg hadde teke ein kvil. Det var mykje blod der, men likevel sprang hunden hans, ei dachstispe, opp til ei fjellhylle der noko vekte interessa hennar.

Kapstad fekk hunden tilbake på sporet og etter ei stund fann dei to hjorten.

– Eg sleppte hunden og høyrde gøying. Der var hunden i full kamp med eit anna dyr attmed hjorten, fortel Kapstad til Firda.

– Eg drog hunden til meg, det andre dyret følgde etter og kom heilt innpå meg. Tre meter unna meg oppdaga det meg og stakk av, fortel han vidare.

– Heilt uverkeleg

Kapstad prøvde å skyte etter dyret, men bomma. Etter å ha lest meir om mårhund på internett kjenner han seg rimeleg sikker på at det var nettopp ein mårhund han trefte på.

Truleg var det også lukta av mårhunden som hadde fanga interessa til hunden i området ved fjellhylla.

– Dyret var rundt i ansiktet, med spisst tryne, og pelsen var som på ein elghund, grå og svart og med loden hale, seier Kapstad til avisa.

– Det var heilt uverkeleg.

Ifølgje avisa Firda skal det også ha blitt gjort ytterlegare ein observasjon av mogleg mårhund i Gaular. Kapstad har allereie varsla viltstyresmaktene.

Ikkje velkommen i Norge

Her i Sogn og Fjordane kan dette altså vere den første observasjonen av eit slikt dyr. I Nord-Trøndelag har det derimot kome inn over 40 meldingar frå folk som kan ha sett ein slik mårhund i år.

– Vi veit ikkje kor mykje mårhund det er i Norge. Alt tyder førebels på at det er enkeltdyr, og ikkje noko bestand, sa regionansvarleg for rovviltarbeid i Statens Naturoppsyn, Tore Solstad, til NRK.no tidlegare denne månaden.

Solstad fortel av ingen av observasjonane i trønderfylket er stadfesta, og at mårhunden kan likne mykje på grevling og oppdrettsrev.

Uansett, er det mårhund folk har sett, så er den ikkje velkommen i den norske faunen. Mårhunden kan gjere sterkt innhogg i bestanden av fugl som hekkar på bakken, spesielt gjeld det sjøfugl og andrefuglar.

Ifølgje direktoratet for Naturforvaltning er mårhunden også eit dyr som spreier sjukdomar, som til dømes rabies. Under rabiesepidemien i Finland på slutten av 1980-talet var det mårhunden som var den viktigaste årsaka til spreiing av sjukdomen.

– Det vi fryktar er at mårhunden skal danne tette og sterke bestandar, seier Solstad til NRK.no.

SNO er interessert i meldingar frå folk som kan ha sett mårhund.