Hopp til innhold

Kan ha gått seg ut av VM-kampen

Odd-Bjørn Hjelmeset fekk det ikkje til å klaffe då det gjaldt som mest. No heng VM-billetten i ein svært tynn tråd.

Odd-Bjørn Hjelmeset
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Odd-Bjørn Hjelmeset må truleg sjå langt etter ein plass i VM på heimebane, etter at han på 15-kilometeren under NM mellom anna fekk bank med 54 sekund av veteranen Thomas Alsgaard.

- Dette gjekk skikkeleg dårleg - det er berre slik det er, seier Hjelmeset rett etter målpassering.

Eldar Rønning var i ein klasse for seg på 15-kilometeren, medan Martin Johnsrud Sundby tok andreplassen.

Først på åttandeplass kom Odd-Bjørn Hjelmeset - over to minutt bak vinnaren. Roger Aa Djupvik gjekk inn på 16. plass, også han gjekk seg dermed ut av VM-diskusjonen.

Må stille seg bak i køen

Odd-Bjørn Hjelmeset måtte slå til med eit toppløp for at han skulle sikre seg ein plass i den norske VM-troppen til Holmenkollen.

Ifølgje NM-resultata står no både Sjur Røthe og Tord Asle Gjerdalen framfor Hjelmeset i VM-køen til 15-kilometeren.

- Eg har ikkje peiling på kva dette vil ha å seie for VM. Det er ikkje eg som skal meine noko om det, seier han til NRK.

Vedda 5000 kroner på Alsgaard

NM-løypene i Steinkjer er relativt flate samanlikna med VM-løypene i Holmenkollen. For Hjelmeset betyr det mykje - glopparen er ekspert på diagonalgang, og likar ikkje for mykje staking.

Det er no det einaste som kan berge VM-plassen for Hjelmeset.

- Eg taklar ikkje slike løyper, rett og slett. Men det er berre noko eg må akseptere, seier han.

LES OGSÅ:

- Eg synest ikkje dette er eit godt grunnlag å ta ut VM-laget på. Her var det 10 prosent diagonal - i VM er det 90 prosent, seier Hjelmeset.

PS: Odd-Bjørn Hjelmeset hadde sett 5000 kroner på at Thomas Alsgaard skulle ta medalje under NM...