Hopp til innhold

Hjelmeset får siste sjanse på NM

Odd-Bjørn Hjelmeset må prestere i NM om han vil vere med til VM. Veteranen kan på ingen måte vente seg spesialbehandling når laget vert tatt ut.

Odd-Bjørn Hjelmeset

SISTE SJANSE: På torsdag har Odd-Bjørn Hjelmeset ein siste sjanse til å imponere landslagleiinga.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Dei utøvarane som er best får bli med til VM, seier sportssjef Åge Skinstad.

Store ambisjonar

Sjølv har den 39 år gamle glopparen sett seg ut VM i Oslo som sitt siste. Men kampen om å få vere med til VM er knallhard, og til no har Hjelmeset ikkje imponert.

- Odd-Bjørn Hjelmeset har ikkje levert prestasjonar i år som gjer at han er klar for VM på noverande tidspunkt, seier Skinstad til NRK.

For landslagsleiinga har store ambisjonar for kva dei norske utøvarane skal klare på VM på heimebane.

- Vårt mål er å bli beste nasjon, og då må vi ta ut eit lag som gjer at vi kan ta mange medaljar, forklarar Skinstad.

Slått av dei unge

Og noko medaljekandidat har Odd-Bjørn Hjelmeset ikkje vist seg å vere til no denne sesongen. Seinast i helga var det dei unge norske gutane som viste gode takter.

Då slo 28 år gamle Eldar Rønning til med eit perfekt disponert løp, og sikra norsk siger på 15 kilometeren i Otepää. Martin Johnsrud Sundby opna best og enda til slutt på ein sterk 7. plass.

Hjelmeset enda på 19. plass og er sjølv klar over at det ikkje er godt nok.

- Det var for dårleg. Samtidig følte eg at eg var i betre form enn det eg fekk vist, seier Hjelmeset til NRK.no.

Kampen ikkje over

Video Åge Skinstad

VIL HA DEI BESTE: Sportssjef Åge Skinstad vil ha med dei løparane som kan sikre Norge medaljer under VM.

Foto: Nyhetsspiller

Men før landslagsleiinga tek ut det endelege laget til VM, får Hjelmeset ein siste sjanse.

Før NM er over vil ikkje Skinstad avskrive veteranen.

- Vi veit at han er god på sitt beste, så vi får vente å sjå, seier Skinstad.

Han nektar for at dei stiller spesifikke krav til kva plassering løparane må sikre seg for å ha sjanse på VM-billett.

- Vi set ikkje noko krav til siger under NM. Som sagt, vi tar ut det laget vi meiner er best, seier Skinstad.

- Eg mistar ikkje trua

Sjølv har Hjelmeset store krav til seg sjølv framfor 15 kilometer klassisk under NM på torsdag.

- Eg legg mykje press på meg sjølv no. Eg har veldig lyst å vere med på VM i Oslo, så eg skal prøve så godt som eg kan.

Og trass i dårlege resultat i no, har han ikkje mist trua.

- Eg har veldig trua på at eg skal klare det, og den trua er det ingen som kan ta frå meg!