Hopp til innhold

Her kan det komme fem bomstasjonar i Førde sentrum

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fem av dei mest trafikkerte gatene i Førde kan få automatiske bomstasjonar.

Statens vegvesen føreslår no ein modell med fem bomstasjonar i Førde sentrum, skriv avisa Firda.

Vegvesenet seier plasseringane kan bli justerte eller at det kan komme fleire bomstasjonar.

Betaling begge vegar

Desse stasjonane vil kunne ta inn minst ein halv milliard kroner på 15 år. Førde har ferdigregulerte køyrevegar og gang- og sykkelvegar som samla er kalkulerte til 445 millionar kroner.

Det blir lagt opp til betaling begge vegar, men forslaget inneheld ein timesregel som gjer at trafikantar berre blir belasta med ei passering i løpet av ein time. Dersom takstane blir 10 kroner for lette køyretøy og 20 for tunge, er det venta at ein får inn 510 til 960 millionar kroner.

Har fleire prosjekt klare

Rådgjevar i Førde kommune, Reidar Hatlebrekke, seier at for å kome rask i gong, er tanken å definere første trinn i Førdepakken til hausten og plukke frå dei prosjekta som er klare.

– Dette er prosjekt som kan startast opp i dag, seier han.

Hatlebrekke seier forslaget er ei grovskisse, men at den viser at det kan hentast inn mykje pengar.

– Det kan også bli ein diskusjon om kor mykje pengar som skal brukast inne i sentrum og kor mykje som skal gå til E39, seier han til Firda.