Hopp til innhold

Kan bli rike på rømt laks

Kvinnheringar kan plussa på feriebudsjettet ved å fiska rømt oppdrettslaks.

Oppdrettslaks
Foto: Terje Marøy / Scanpix

Tysdag kveld rømte 8800 oppdrettslaks frå slakteanlegget til Viking Fjord Sunde. Rømminga skjedde då anlegget skulle leggja ein ny leidning inn til slakteriet. I arbeidet vart ein ventemerd med slaktelaks skada, skriv Kvinnheringen.

- Me var mest ferdige med arbeidet då leidninga bøyde seg i stor fart tok borti ein av ventemerdane som låg der. Merda vart skada i denne samanstøyten, seier Ove Gjerde i Viking Fjord.

LES ÒG: Avviser giftpåstandar | Forskarar ut mot oppdrettslaks

Tiltak

Gjenfiske av den rømte laksen vart sett i gang snøgt etterpå. Ove Gjerde i selskapet Viking Fjord seier til avisa at fisken ikkje skal ha sjukdomar.

Og no kan det bli lukrativt for kvinnheringane å dra opp den rømte laksen.

- Me har avgjort at alle som fiskar opp rømt laks og leverer den attende til oss på anlegget, skal få eit honorar på 200 kroner per fisk, seier Gjerde til Kvinnheringen.

Privatpersonar kan likevel ikkje setja ut flytegarn for å fanga laksen. Det er eit generelt forbod mot å nytta slikt garn. Berre Viking Fjord har fått lov å nytta slike garn. Selskapet har til no sett ut 200 garn, skriv avisa.

Det er førebels uklårt kor mange laks som har blitt fiska opp. Det er i tillegg vanskeleg å vita kvar fisken sym når den kjem ut i det fri.

- Men me har fanga for få fisk, og me har teke eit hundretals. Me vonar folk observerer mengder av fisk på ein stad slik at me kan driva meir effektivt gjenfiske, seier Gjerde.

Trugar villaksen

Medan kvinnheringane kan slenga ut fiskesnøret og sikra seg laks, er Norges Jeger- og Fiskeforbund svært uroa over rømminga.

- At nesten 9000 oppdrettslaks har rømt er ein ny trussel mot den allereie truga villaksen, heiter det i ei pressemelding frå organisasjonen.

Jakt- og fiskelaget gjev Viking Fjord honnør for å ha starta gjenfiske snøgt etter hendinga, men understrekar at ein del av oppdrettslaksen vil bli verande. Det kan føra til at den gyter i vassdraga saman med villaksen, noko som fører til at villaksen blir ytterlegare svekka, står det i pressemeldinga.

LES ÒG: Mange oppdrettslaks døyr før slakt | – Dette er endeliktet for villaksen