Hopp til innhold

Mange oppdrettslaks døyr før slakt

Ein av fem norske oppdrettslaks dør før slakt. Det syner tal som NRK har henta inn. Men ingen har oversikt over årsakene til at laksen døyr.

Laks
Foto: Terje Marøy / Scanpix

Dyre- og miljøvernarar meiner dette er svært oppsiktsvekkjande.

– Det er heilt utruleg at ein ikkje veit kvifor fisken døyr. Det viser at dei har store utfordringar som dei ikkje har klart å løyse, seier Karoline Andaur som er leiar for WWF-Norge sitt havmiljøprogram.

– Vi gjer det vi kan

Ein av fem dør i oppdrettsanlegga før slakt, men verken Mattilsynet, Fiskeridirektoratet eller oppdrettsnæringa har oversikt over kvifor laksen dør.

– Vi gjer det vi kan og vi blir betre for kvar dag. Det er iallefall ikkje ute av kontroll, seier regionsjef Hans Inge Algerøy i Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening.

– Ikkje bra for næring

Han meiner fisken døyr av sjukdom og ikkje grunna dårleg dyrestell.

– Det er jo eit mål å reduserere dette. Det er ikkje bra verken for oppdrettar eller for imaget for næringa at svinntalet er så høgt. Vi jobbar med dette heile tida.

Meiner det er oppsiktsvekkande

Lars Liabø i Kontali Analyse har fulgt oppdrettsnæringa i 25 år. Han meiner det er oppsiktsvekkjande at næringa ikkje har oversikt over kvifor laksen dør.

– Eg tykkjer at næringa burde få data på kor mykje svinn som skuldast sjukdom og kva som skuldast rømming.

– Eit forsvarleg tilsyn

Mattilsynet, som har ansvar for å kontrollere oppdrettsnæringa, meiner det ikkje er problematisk at dei ikkje har data på årsakene til dei høge dødstala. Det seier assisterande tilsynsdirektør Ole Fjetland i Mattilsynet.

– Det som vert meldt inn er tal på dødelegheit og det vert det ikkje skilt på årsaka. Vi meiner vi driv et forsvarleg tilsyn og gjer dei naudsynte tiltaka.