- Hadde det vore eit større firma utan god kontroll med inngåande faktura, er eg redd for at rekninga hadde vorte betalt. Når eg ser kva du får for dei pengane, betalar du 5000 kroner for ingenting, seier han.
For det nettopplysinga skulle ha nesten 5000 kroner for, var å ha Peter Løland sitt namn, telefonnummer og opplysingar om hans bedrift ute på sine nettsider. Løland er entreprenør ved sida av anna jobb, og driv eit enkeltmannsføretak.
Gale opplysningar
Øvst på det som såg ut som ei rekning stod det med lita skrift at dette var eit kampanjetilbod. Men opplysingane som ligg ute om Løland på nettet, er langt ifrå korrekte. Det står mellom anna at hustelefonen hans byrjar med 057, og det er særs mange år sidan det vart nytta her i landet. Nettopplysingen sin representant skuldar på dei som dei har kjøpt opplysingane frå. Det er ikkje selskapet si meining å spekulere i noko, seier han. Han meiner at det står klart og tydeleg at dette er eit kampanjetilbod.
Meldt til politiet
Trass dette kjenner Peter Løland seg utsett for svindlingsforsøk, og han stiller seg særs kritisk til Nettopplysingen sin måte å trekkje til seg kundar på. Han har no meld saka til politiet.