Hopp til innhold

Judith rygga frå snøskredet

Riksveg 601 mellom Langhuso og Undredal er stengd ved Underdalen på grunn av snøskred.

Skred i Helgabakken, Aurland.
Foto: Torill Domaas

Vegen blir ikkje opna i dag og tidlegast når det blir lyst i morgon. Skredet gjekk ved Melhus i Underdalen like før skulebussen med ni skuleborn kom til staden.

OPPDATERTE VEGMELDINGAR PÅ NRK TRAFIKK

- Stogga to meter frå

Dei siste døgna, og spesielt siste døgnet, vore svært fuktige på Vestlandet . Noko som har utløyst fleire skred. Ein familie i Førde vart søndag evakuert på grunn av jordskred . Judith Torgersen var på veg heim til Undredal etter jobb i Flåm, då ho vart møtt av eit snø- og sørpeskred. Ho var nær på å køyre inn i det. Eit kvarter seinare kom skulebussen.

- Det gjekk akkurat då eg kom rundt svingen. Eg klarte å stogge to meter frå skredet og berre rygga vekk så snart eg kunne. Det var ikkje så veldig høgt, men det var breidt, fortel ho.

- Har fått roa meg

Torgersen fortel at det demde seg opp mykje vatn i vegbana. Det kom ned både jord og sørpe. Det er ikkje vanleg at det går skred ved Melhus. Det har truleg følgd elveleiet.

- Blodpumpa gjekk fort i nokre minutt etterpå. No har eg fått roa meg litt, fortel ho.

Aurlandsfjorden var heilt brun etter snøskredet.

Aurlandsfjorden var heilt brun etter snøskredet.

Foto: Torill Domaas

Set opp båt

Undredal er ei lita bygd med om lag 60 innbyggjarar. Vegmeldingssentralen opplyser at vegen først blir opna etter at det er blitt lyst. Kommunen har no sett opp båt for å få arbeidande og skuleborn både til og frå jobb.

Det er heller ikkje råd å ta seg fram til Skjerdalsvegen etter eit skred ved Volda. Også her blir det sett opp båt om behov.

Fredag fortalde NRK om yrkessjåføren Bjørn Ness frå Sunndalsøra som var sekundet frå å bli feia i Kjøsnesfjorden av eit stort snøskred i Jølster.