Hopp til innhold

Nær feia på fjorden av snøskred

Bjørn Ness var torsdag berre sekundet frå å bli feia på vatnet av snøskred i Kjøsnesfjorden.

Bjørn Ness

Yrkessjåføren Bjørn Ness fekk eit dramatisk møte med Sogn og Fjordane og Kjøsnesfjorden.

Foto: Arve Uglum / NRK

Tollpostsjåføren fekk torsdag eit dramatisk møte med Sogn og Fjordane. Bjørn Ness var på veg frå Førde til Sogndal med møblar då han vart stogga av snøskred på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden .

Sekund frå å bli teken

Dramaet oppstod då vegen vart stengd og Ness skulle og andre sjåførar skulle vekk før det kom fleire skred.

- Eg byrja å rygge, så høyrde eg bulderet og skogen som berre bretta seg ned. Så kom støvskya og eg skjønte at her var det berre å få bilen i gir og komme seg framover. Raset kom der eg stod og det var sekund om å gjere, seier han.

Video nsps_upload_2009_1_9_18_7_25_1972.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Medan semitraileren stod midt mellom to skred i natt, overnatta yrkessjåføren i trygge omgjevnadar på Skei hotell.

Våga ikkje rygge meir

Hadde han ikkje reagert så raskt som han gjorde, fryktar han at han i dag ikkje hadde fått halde fram på turen til Sogndal og vidare til Bergen.

- Semitraileren ryggar ikkje så fort, så eg våga ikkje å rygge meir. Hadde eg gjort det hadde raset teke både meg og bilen. Eg hadde berre køyrt eit par meter fram før raset kom. I spegelen såg eg at alt vart heilt kvitt bak meg, fortel han.

- Kom deg vekk!

Skredet som la seg over vegen bak Ness var tre-fire meter høgt. Ness hadde sin første tur i fylket og var ikkje kjend med rasaktiviteten i Kjøsnesfjorden. Søndag 11. november 2004 er ein dag mange hugsar. Då vart 67 personar evakuerte under den mykje omtala "rassøndagen" .

- Det kom to karar frå Mesta som ropte på meg. Eg fekk berre beskjed om å la lastebilen stå og komme meg derifrå. Eg hadde ikkje noko val, seier han og er veldig glad for det i dag.

Hadde mareritt

Ness klatra dei kring fire meterane over det siste raset og vart frakta til Skei hotell der han overnatta. I 13-tida fredag kunne han halde fram turen mot Sogndal. Riksveg 5 gjennom Kjøsnesfjorden opna klokka 14 i dag .

- Der og då visste eg ikkje at eg var midt i rasområdet og kor stor fare det var. Men eg vart fortalt om rasaktiviteten som har vore der. Eg skjøna det då eg kom på hotellet at, fy faen, eg hadde flaks. Eg har hatt mareritt i natt, seier han.